Utvalet, som blir leidd av fylkesmann i Søre-Trøndelag, Kåre Gjønnes, overleverte innstillinga til kyrkjeminister Trond Giske (Ap) klokka 10 i føremiddag.
Kåre Gjønnes sa då han orienterte om utvalet sitt arbeid at det hadde vore grundig og omfattande, og at han sjølv faktisk hadde skifta syn under arbeidet med innstillinga.
Verdiparagraf
Fleirtalet i utvalet meiner det bør vere ein verdiparagraf i grunnlova som viser til kristne og humanistiske verdiar.
To medlemer tilrår ei vidareføring av den gjeldande statskyrkjeordninga.
Av fleirtalet på 18 tilrår 14 medlemer av Den norske kyrkja lovforankra folkekyrkje, medan fire av medlemene tilrår ei sjølvstendig folkekyrkje.
Begge alternativa inneber at den grunnlovsfesta statskyrkjeordninga blir oppheva, og at Den norske kyrkja blir etablert som eit eige rettssubjekt med eigne styringsorgan og sjølvstendig ansvar for alle saker som har med kyrkja si tru og verksemd å gjere.
Dei går inn for at kyrkja sine eigne organ skal utpeike biskopane.
Særstilling
Fleirtals-tilrådinga inneber likevel at Den norske kyrkja har ei særstilling i forhold til staten gjennom ei kortfatta kyrkjelov som blir vedteken av Stortinget.
Opphevinga av statskyrkjeordninga vil krevje endring eller oppheving av fleire grunnlovsparagrafar.
Eit fleirtal på 13 i utvalet tilrår at trus- og livssynspolitikken til staten blir grunnlovsfesta. Dei meiner dette vil gi eit konstitusjonelt vern for alle trus- og livssynssamfunn, og at dette er ei verksemd som er særleg viktig for samfunnet.
Statleg finansiering
Eit fleirtal på 15 i utvalet tiltår at hovudfinansieringa av kyrkja skal skje med offentlege løyvingar.
Statlege tilskot skal dekkje personalkostnader, kommunale tilskot til kyrkjebygga og eit mindre medlemsbidrag som skal dekkje den øvrige verksemda til kyrkjelydane.
Eit mindretal på tre meiner at alle dei offentlege løyvingane skal vere statlege. Ein medlem tiltår hovudfinansiering gjennom ein medlemskontingent, supplert med offentlege tilskot til særskilde formål.
Gravferder
17 av 20 medlemer i utvalet tilrår at kommunane overtek gravferdsforvaltinga fordi dette er ei allmenn oppgåve som bør takast hand om av det offentlege. Slik blir også skiljet mellom dei praktiske og seremonielle sidene tydelegare, heiter det.
Mindretalet på tre tilrår at kyrkjeleg fellesråd framleis skal ha ansvaret, fordi langt dei fleste gravferder skjer etter Den norske kyrkja sine rituale. Dessutan at kyrkjer og kyrkjebygg utgjer ein integrert heilskap dei fleste stader.
Heile utvalet går inn for at omgrepet kyrkjegard skal erstattast av gravplass eller gravlund i lovverket.
Gruppearbeid
Trond Giske sa at rapporten blir sendt ut på høyring til mellom 2000 og 3000 høyringsinstansar, og at heile Noreg skal få delta i diskusjonen.
Alle kyrkjelydar, alle kommunar, alle religiøse samfunn og alle dei store organisasjonane skal få uttale seg om rapporten frå Gjønnes-utvalet, lova statsministeren.
- Dette blir Noregs største gruppearbeid, sa han.
Giske sa at heile 2006 vil bli brukt til å diskutere saka, og at det ikkje blir trekt nokon konklusjon før i ei stortingsmelding hausten 2007.
Utvalet
Fylkesmann Kåre Gjønnes, Orkdal (leiar)
Pensjonist Marit Tingelstad, Gran (nestleiar)
Lagssekretær Jorund Andersen, Kristiansand
Domprost Per-Otto Gullaksen, Fredrikstad
Sokneprest Jens-Petter Johnsen, Oslo
Gruppeleder Helge Kolstad, Trøgstad
Biskop Per Oskar Kjølaas, Tromsø
Husmor Hildur Larsen, Sveio
Prosjektleder Lena Larsen, Oslo
Prosjektleder Vibeke Limi, Bærum
Stortingsrepresentant Inge Lønning, Oslo
Direktør Kjell Nordstokke, Oslo/Geneve
Generalsekretær Dag Nygård, Notodden
Spesialrådgiver Ingar Samset, Trondheim
Fagsjef Bente Sandvig, Bærum
Rådgiver Hege Fjellheim Sarre, Karasjok
Advokat Fredrik Sejersted, Oslo
Spesialrådgiver Anfin Skaaheim, Asker
Kirkeverge Hege Steinsland, Haram
Høgskolelektor Pia Svensgaard, Tromsø (til des. 2003)
Lektor Tone Løwe, Hegra (frå des. 2003)