NRK Meny
Normal

Vil kutte skattar med 20 milliardar

Vinn Høgre valet, skal alle med inntekt under ein halv million sleppe å betale toppskatt.

Jan Tore Sanner og Erna Solberg
Foto: NRK

I kampen om veljarane, trekte partileiinga i Høgre i dag fram det som har vore eit trumfkort tidlegare: Skatt.

Med lovnader om skattelette for vanlege folk som hovudprioritering, vil partiet sikre ei ikkje-sosialistisk regjering etter valet.

- Vi skal løfte innsatspunktet på toppskatten til ein halv million kroner. Ingen med inntekt under 500 000 skal betale toppskatt i Noreg når Høgre får styre, lovar partileiar Erna Solberg.

Erna Solberg

250 000 fleire med toppskatt

Under den raudgrøne regjeringa har talet på nordmenn som betalar toppskatt auka år for år. Då Stoltenberg II tok over regjeringskontora i 2005 betalte nær 700 000 nordmenn toppskatt. Fire år seinare meiner Høgre dette talet har auka til om lag ein million nordmenn.

Med Høgre i regjering skal 250 000 færre betale toppskatt.

Då Arbeidarpartiet innførte denne skatten, sa dei at det var ein kakseskatt. No har det vorte svært mange dei meiner er kaksar, til dømes sjukepleiarar som tek ei ekstravakt.

Erna Solberg til NRK Dagsrevyen

- Vil få mykje att

I tillegg til å løfte innsatspunktet på toppskatten til ein halv million kroner, vil Høgre også auke minstefrådraget, auke frikortgrensa for ungdom og studentar, fjerne arveavgifta og starte avvikling av formuesskatten.

- I dag vert nesten ein av tre formuesskattekroner betalt av trygda og pensjonistar. Dei er ikkje rike, seier nestleiar Jan Tore Sanner.

Skattekutta vil koste mellom 15 og 20 millionar kroner, men ifølgje Erna Solberg vil dei også gje mykje pengar att.

- Statistisk sentralbyrå har synt at ein ganske raskt får 56 prosent av desse kronene att i ekstrainntekter. Det er dynamiske effektar i dette, seier ho.

- Må kutte i goda

SV-leder Kristin Halvorsen

Kristin Halvorsen

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Fordelane ved skatteletta er ikkje like openberre for finansminister og SV-leiar Kristin Halvorsen.

Ho meiner Høgre må kutte i velferdsgoda dersom partiet skal kunne gjennomføre det skattekuttet dei no lovar.

- Skattelovnadene Høgre gjev har ein prislapp på om lag 30 milliardar kroner. Dei pengane må kome frå ein stad, så når dei samstundes lovar skule og samferdsel, har ikkje framlegget truverd, seier Halvorsen.

- Ei klar tilnærming til Frp

Ulf Leirstein

Ulf Leirstein

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Framstegspartiet ønskjer framlegget frå Høgre velkommen, og meiner det vil gjere det enklare å verte samde, dersom dei borgarlege partia skal forhandle om regjering etter valet.

- Det Høgre gjer no er ei klar tilnærming til politikken vår, meiner Ulf Isak Leirstein i Framstegspartiet.

- Eg er svært positiv til å gjere noko med toppskatten. Det er for mange som betalar denne i dag. Det er eit framlegg Frp har fremja før. Vi er også svært opptekne av å fjerne arveavgifta så snart som mogleg, og det er eg glad for at Høgre no slår klart fast at dei ønskjer å gjere frå 01.01.2010.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger