Hopp til innhold

Vil kalle inn PST til ny Serena-høyring

Kontrollkomiteen på Stortinget vil over påske vurdere om dei skal kalle inn Politiets tryggingsteneste (PST) til ei ny høyring om terroråtaket på Serena Hotel i Kabul.

Per Kristian Foss og Carl I. Hagen
Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

Carl I. Hagen meiner at ministrane skyv PST framfor seg, og at det er mange spørsmål som saknar svar.

- Utanriksministeren og dei to statsrådane har fleire gonger synt til at dei berre har gjort som Politiets tryggingsteneste har sagt.

Dei har lagt trusselvurderingane frå PST til grunn, og PST har ikkje hatt innvendingar.

Carl I. Hagen

Hagen meiner dette gjer det naturleg å spørje PST om dei utelukkande har teke omsyn til eigne vurderingar, eller om dei har lagt vekt på signal frå medlemmar i regjeringa som ønskte eit sivilt preg over opphaldet i Kabul.

- Stør seg på PST

Per Kristian Foss (H) i Kontroll- og konstitusjonskomiteen ser heller ikkje vekk frå at det kan verte naudsynt å kalle inn Politiets tryggingsteneste.

Han meiner det er uklart kor vidt utanriksministeren og dei andre statsrådane har noko sjølvstendig oppfatning av om besøket i Kabul burde ha vore gjennomført slik det vart, eller med eit større militært tryggingstiltak.

Under den hemmelege delen av høyringa i går kveld fekk Foss eit litt klarare bilete av kven som hadde ansvaret for at besøket i Kabul hadde ein sivil profil.

- Utanriksministeren har presisert at det var hans vurdering å gje besøket i Kabul ein sivil profil. Det er i det minste ei klargjering av at det er han og ikkje PST som styrer, men eg vil framleis vurdere å få inn PST, seier Foss.

Vil vurdere endringar

Saksordførar Ola T. Lånke frå KrF vonar at Utanriksdepartementet i framtida vil vere meir varsame når dei planlegg reiser til Afghanistan.

- Vi stiller framleis spørsmål til om det vil vere rett å leggje besøka opp på denne måten. Vi veit at andre land, som til dømes Storbritannia, reiser på kortare dagsbesøk, for å gjere meir kortvarige stunt. Det kan vere ein god ide å følgje opp i Noreg, framfor å ha lange delegasjonar som dette.

- Kraftig trygging

Utenriksminsiter Jonas Gahr Støre
Foto: Falch, Knut / SCANPIX

Utanriksminister Jonas Gahr Støre avviser at det var feil å gje reisa til Kabul ein sivil profil.

- Eg har understreka fleire gonger at det sivile preget ikkje betyr at det ikkje er trygging kring besøket. Det er kraftig trygging, frå afghansk side og med støtteelement frå Forsvaret og PST, seier han.

AKTUELT NÅ