Hopp til innhold

Meiner tilbod som den nye skjønnheitsklinikken i Oslo er eit folkehelseproblem

Forskar i medisinsk etikk, Henrik Vogt, stiller spørsmål ved om estetisk medisin kan bli kalla medisin. Lege Karim Sayed synest det er viktig at helsepersonell utfører behandlinga.

Henrik Vogt, forskar ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo

IKKJE MEDISIN: Forskar ved Senter for medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo, Henrik Vogt, stiller spørsmål ved om estetisk medisin i det heile kan bli kalla for medisin.

Foto: Privat

Vanessa Rudjord, Synnøve Skarbø og Pia Tjelta trekkjer seg frå den mykje omtalte skjønnhetsklinikken, Nomi Oslo. Klinikken i Oslo har fått masse kritikk etter å ha brukt ordet «kvinnehelse» i annonseringa si.

Som følgje av at dei tre trekkjer seg ut av selskapet, vil ansvarleg lege Karim Sayed ta fult eigarskap over Nomi Oslo.

Henrik Vogt er forskar i medisinsk etikk ved Universitetet i Oslo, og har skrive mykje om estetisk medisin tidlegare.

Han meiner bransjen er med på å endra krava til utsjånad på ein måte som er eit folkehelseproblem.

– Det genererer høgare eller endra ideal på samfunnsplan og skaper derfor masse vanhelse.

Ansvarleg lege ved klinikken, Karim Sayed har beklaga for bruken av ordet kvinnehelse. Les meir av svaret lenger nede i saka.

Fra venstre: Synnøve Skarbø, Pia Tjelta og Vanessa Rudjord

Synnøve Skarbø, Pia Tjelta og Vanessa Rudjord kunngjorde førre veke at dei skal opna ein ny skjønnheitsklinikk på Frogner i Oslo, med Karim Sayed som ansvarleg lege for klinikken.

Foto: Julie Pike

Vogt, stiller spørsmål ved om estetisk medisin kan bli kalla medisin.

– Eg har jo reist spørsmålet om dette i det heile tatt er medisin, og om dei i det heile tatt skal kunna bruka ordet lege i samanhengar der dei jobbar kosmetisk.

Handlar om pengar

Kritikken hans går ut på at desse legane tener pengar på kvinner og menn si misnøye med eige utsjånad, og at dette samtidig er eit marknad bransjen delvis er med på å skapa sjølv.

– Elefanten i rommet her er at dette handlar om pengar.

Vogt meiner profesjonen ikkje har diskutert dei medisin-etiske spørsmåla knytt til denne typen medisin skikkeleg.

– Dette handlar om ein grådig medisin som vil gjera meir av kvinnelivet til medisinske problem for så å tena pengar på det. Eg trur det er derfor folk reagerer også, at dei har denne magekjensla.

Les også Lege ut mot skjønnheitsklinikk: – Skremmande

Synnøve Skarbø, Pia Tjelta og Vanessa Rudjord forann den nye skjønnhetsklinikken Nomi Oslo.

Sayed: Alternativet er verre

Ansvarleg lege ved den nye klinikken, Karim Sayed, meiner spørsmålet om det er forsvarleg å kalla estetisk medisin for medisin er interessant.

– Fordelen med å kalla det medisin, er at då skaper ein bransje av helsepersonell og legar som utfører behandlinga. Det er viktig, for desse behandlingane har kome for å bli. Viss du ikkje kan dette, kan du pådra folk alvorlege komplikasjonar.

Sayed fortel at han har jobba opp mot myndigheitene for at det berre er helsepersonell som skal ha lov til å utføra slike behandlingar i Noreg.

På kritikken om at bransjen tener pengar på folk si usikkerheit, svarer Sayed at kropps- og skjønnheitspress er eit tema som jamleg blir diskutert i bransjen.

Han meiner dei må tilby behandlingar som held det dei lover, og ta ansvar for å jobba mot kroppspress og skjønnheitstyranni.

– I tillegg har bransjen eit klart ansvar for å ikkje sjukeleggjera heilt vanlege teikn på aldring, seier han.

Les også Skjønnheten kommer utenfra

Live Nelvik

Fekk meir sjølvtillit

Sjukepleiar og bloggar Michael Hartmann (48) seier kritikken mot kosmetiske behandlingar antar at vaksne ikkje har evna til å ta eigne og informerte val når det kjem til eigen kropp.

– Dei slår moralske slegger i hovudet på folk, snakkar nedsettande til dei og barnsleggjer vaksne som vel å bruka pengane sine på behandlingar.

Sjukepleiar og bloggar, Michael Hartmann.

Sjukepleiar og bloggar Michael Hartmann meiner kritikken mot kosmetiske behandlingar antydar at vaksne ikkje er i stand til å ta val om eiga helse.

Foto: Ingeborg Undheim / NRK

Han er einig i at ord som kvinnehelse ikkje høyrer heime i estetisk medisin, men meiner kritikken mot skjønnheitspresset høyrer til debatten om kroppspresset blant unge jenter.

– Me gløymer jo heilt å snakka om alle dei andre aldersgruppene som gjer dette.

Sjølv har han operert nasen mindre, fjerna feittposar under auga, tatovert augebryn og eyeliner, og tatt botox-injeksjonar i panna og ved sida av auga.

– Det gjorde eg fordi at eg ville det.

Michael Hartmann med bandasje på nasen etter kosmetisk nase-operasjon.

Michael Hartmann med bandasje på nasen rett etter den kosmetisk nase-operasjonen.

Foto: Privat

Hartmann fortel at han har nytta kosmetiske behandlingar etter ein tyngre periode i livet.

– For meg så handla det om å få tilbake ein naturleg balanse med det ansiktet eg såg i spegelen, og kor ung eg følte meg på innsida.

Hartmann er ein tidlegare kollega av lege Karim Sayed, då dei begge jobba på Gatehospitalet i Oslo.

Tar avstand

Den norske tannlegeforeininga og Norsk foreining for allmennmedisin (NFA) kom i 2021 med eit «policydokument» der dei tar avstand frå kosmetiske behandlingar.

Vogt meiner lege Karim Sayed sin praksis ved klinikken er eit tydeleg døme på praksis som er i strid med retningslinjene frå NFA og Tannlegeforeininga.

I dokumentet står det mellom anna:

«Med dagens kunnskap meiner me at kosmetisk behandling utan medisinsk eller odontologisk indikasjon ikkje bør utførast av profesjonsutøvarar som allmennlegar eller tannlegar

Leiar i NFA, Marte Kvittum Tangen, seier til NRK at ho ikkje vil kalla estetisk medisin for medisin.

Marte Kvittum Tangen.

Leiar i Norsk foreining for allmennmedisin, Marte Kvittum Tangen.

Foto: Thomas B. Eckhoff / Den norske legeforening

– Eg trur eigentleg at dei skjønner det etiske og ideelle i det, og kan vera einig i det, men likevel har dei gjort andre val i kva dei brukar yrket til.

Ansvarleg lege Sayed er ueinig med korleis NFA og Tannlegeforeininga tenker rundt estetisk medisin.

– Fleire av behandlingane er godkjende, dokumenterte behandlingar med legemiddel oppført i felleskatalogen og berre legar, eventuelt med hjelp av sjukepleiarar, kan utføra slike behandlingar.

Les også 7 områder innen kvinnehelse ekspertene mener vi må prioritere

En kvinne får satt en sprøyte med botox midt mellom øyenbrynene.

– Vil me enda opp som i USA?

Tangen i NFA meiner bruken av «kvinnehelse» i pressemeldinga er eit misbruk av omgrepet.

– Kvinnehelse handlar om at kvinner og menn har ulik helse, og at me har hatt og framleis har for lite kunnskap om kvinner sine behov ved diagnostikk og behandling.

– Det handlar om at me ikkje har klart å tolka kvinner sine symptom på til dømes hjarte- og karsjukdom like bra som med menn sine symptom, seier Tangen.

– At dei meiner dei gjer noko for kvinnehelse, er stygt, seier gynekologspesialist og tidlegare overlege ved St. Olavs hospital i Trondheim, Kristin Offerdal.

Kristin Offerdal, gynekologspesialist.

Gynekologspesialist Kristin Offerdal driv ein offentleg gynekologklinikk i Trondheim, som mellom anna spesialiserer seg på utgreiing av livmorhalskreft og behandling av hormonforstyrringar.

Foto: Pressefoto

Ho meiner det kjendiskvinnene nå gjer er veldig spekulativt.

– Det viktigaste nå, er at me kvinner står imot skjønnheitstyranniet.

– Me må vera fornuftige og vettuge damer, som stiller oss dette spørsmålet: Vil me enda opp som i USA? Vil me enda opp der at Botox og fillers er normalt?

Offerdal meiner ein vidare burde fremma kosthald, trening, friluftsliv og eit godt sjølvbilde, i tillegg til å forska på ei lang rekke kvinnesjukdommar.

– Me kvinner må få trua på oss sjølv framfor å betala tusenvis av kroner for eit visst utsjånad.

Les også De usynlige smertene

Josefine og Selma ser inn i kameraet. Selma lener hodet sitt på skulderen til Josefine. De sitter i en blå sofa, med hvit vegg bak seg. Josefine har på lys genser, Selma mørk genser. Selma har løst hår med pannelugg, Josefine har delvis oppsatt, langt, blondt hår.

Sayed: Ikkje eit PR-stunt

Legen Sayed har i ettertid lagt seg flat til NRK for bruken av kvinnehelse i pressemeldinga.

– Estetiske behandlingar kan absolutt ikkje bli kalla kvinnehelse, seier Sayed til NRK, og legg til at det er skulda uheldig kommunikasjon som klinikken må ta på si kappe.

– Hadde me visst at den kommunikasjonen ikkje var klar nok, og at det kunne oppfattast slik, så hadde me gjort dette på nytt.

– Så det er ikkje eit PR-stunt frå dykk?

– Nei, på ingen måte.

Sayed seier Rudjord, Tjelta og Skarbø har ønska visse tilbod ved klinikken, som ein treningsmaskin for bekkenbotn, gynekolog og hormonbehandling for overgangsalderen. Vanessa Rudjord, Synnøve Skarbø og Pia Tjelta trekkjer seg no frå den mykje omtalte skjønnheitsklinikken Nomi Oslo.

– Eg trur jo at hormonbehandling ved overgangsalder og gynekolog kan bli kalla kvinnehelse, seier Sayed.

– Er det etisk forsvarleg å bruka kvinnehelse i denne samanhengen?

– Viss det hadde vore slik at me hadde meint at estetisk medisin faktisk er kvinnehelse, så hadde det for det første vore uetisk, og for det andre heilt feil, men me meiner altså ikkje det. Nå prøver eg å oppklare ei misforståing.

NRK har hatt kontakt med deleigar av klinikken, Vanessa Rudjord, men ho ønsker ikkje å koma med ein kommentar.

AKTUELT NÅ