Vil ikkje endre DNA-monopolet

Regjeringa vil ikkje at private institutt skal analysere DNA-prøver i valdtektssaker. Området er for sensitivt, seier statssekretær Terje Moland Pedersen (Ap).

Pressekonferanse i Justisdepartementet.

Statssekretær Terje Moland Pedersen flankert av Hanne Kristin Rohde og Svein Liaklev.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

På ein pressekonferanse i dei nye lokala til Justisdepartementet i Nydalen i Oslo i kveld tilbakeviste Terje Moland Pedersen kritikken frå blant andre Høgre, om at DNA-analysar tek altfor lang tid fordi ikkje regjeringa ikkje vil bruke private institutt for å få ned køane.

Rettstryggleik

– Dette har også noko med rettstryggleiken å gjere. Det tilseier at eit så sensitivt område som DNA-analysar skal handterast av det offentlege, sa Terje Moland Pedersen.

Pedersen kommenterte også kritikken om at det var 16 saker som låg på vent hos Folkehelseinstituttet (FHI). Rettsmedisinsk institutt er no lagt inn under Folkehelseinstituttet. Det var Aftenposten som i dag melde at Oslo-politiet ventar på DNA-prøver i 16 saker.

Det viste seg, fortalde han, at sju av desse sakene var avslutta og sende til politiet.

Berre seks saker er framleis til behandling hos FHI, og den eldste av desse er frå september 2011. To saker vart avslutta i dag, sa statssekretæren.

– Dette viser at FHI, tidlegare Rettsmedisinsk institutt, har bygd opp eit robust miljø for å handtere DNA-bevis, og at systemet fungerer, sa Terje Moland Pedersen.

LES OGSÅ: Her er lista over overfallsvoldtektene i Oslo 2011

LES OGSÅ: Ny voldtekt anmeldt i Oslo

LES OGSÅ: Får ikke bruke privat laboratorium

– Godt samarbeid

Leder for volds- og sedelighetsseksjonen ved Oslo politikammer

– DNA-bevis kan vere avgjerande i saker med overfallsvaldtekter, seier Hanne Kristin Rohde.

Foto: Bent J. Tandstad / NRK

Leiar for volds- og sedelighetsseksjonen i Oslo politidistrikt, Hanne Kristin Rohde, fortalde at politiet har eit svært godt samarbeid med Folkehelseinstituttet om DNA-prøver. Ho slår også fast at saksbehandlingstida for DNA-prøver har gått kraftig ned.

Rohde meiner DNA er svært viktig i etterforsking av overfallsvaldtekter, og at dei i fleire tilfelle har vore avgjerande for å få gjerningsmannen dømd.

Ho opplyste at Oslo-politiet har fått inn 216 meldingar om valdtekt i år. Av desse er 51 overfallsvaldtekter og 63 valdtektsforsøk. Av desse er 206 saker sende til DNA-analyse.

Politiinspektør Svein Liaklev i Politidirektoratet fortalde i si orientering om at det no er 30.000 søkbare personar i politiets DNA-register. I 2008 var talet 10.000. Han opplyste at det blir lagt ned eit stort arbeid for å hindre feil at personar med falsk identitet skal hamne i registeret. Ingen blir lagt inn før identiteten er 100 prosent sikker, sa han.

LES OGSÅ: Kripos vil forfølge overgripere

LES OGSÅ: Storberget slår tilbake mot kritikken

Frå 160 til 20 dagar

Sakene der det blir brukt DNA-analysar blir inndelte i tre kategoriar. kategori 1 er kvardagskrim, tjuveri, innbrot og liknande. Her var saksbehandlingstida tidlegare opp i 160 dagar, men no er ventetida nede i 20 dagar.

Så kjem kategori 2, alvorleg kriminalitet, til dømes drap og valdtekt. Her har behandlingstida gått ned.

Og så er det ein kategori 3, prioriterte saker, og desse blir tekne med ein gong. Desse går full analyse innan 24 timar

– Ingen saker ligg urøynde på laboratoriet, og det blir jobba overtid kvar dag pluss helgar for å få prøvene unna, sa Liaklev i si orientering.

LES OGSÅ: – Billigere taxi kan hindre voldtekt

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger