Hopp til innhold

Vil ikkje bruke mindre oljepengar

Statsminister Jens Stoltenberg ser ikkje nokon grunn til å endre handlingsregelen, slik sentralbanksjef Øystein foreslo i årstalen sin i dag.

Video På vei til Norges Banks årsmiddag

VIDEO: På veg til Norges Banks årsmiddag

Olsen sa i årstalen sin til politikarar og næringslivsfolk at bruken av oljepengar bør reduserast frå fire prosent i dag til tre prosent. . Statsministeren sat på første benk under talen saman med blant andre finansminister Sigbjørn Johnsen.

– Ikkje aktuelt med endring

Jens Stoltenberg seier at sentralbanksjefen heldt ein god tale, men at det ikkje blir aktuelt å endre handlingsregelen no. Han viser til at den noverande handlingsregelen har verka godt i mange år, og at norsk økonomi går bra medan dei fleste andre land har problem. Han minner også om at Noreg har den lågaste arbeidsløysa i Europa.

Høgre-leiar Erna Solberg.

Høgre-leiar Erna Solberg seier at sentralbanksjefen har reist ein viktig debatt.

Foto: NRK

Høgre-leiar Erna Solberg seier i ein kommentar at ho ikkje utan vidare vil støtte forslaget frå sentralbanksjefen om å endre handlingsregelen, men ho gir honnør til Øystein Olsen for å ha reist ein viktig debatt.

– Vekstferjande tiltak

– Oljepengane skal også skape tryggleik for framtidige generasjonar og pensjonistane i framtida. Men Høgre meiner det er viktigare å diskutere korleis oljepengane blir brukte, eller om vi skal bruke tre eller fire prosent av overskotet, seier Erna Solberg til NRK.

Solberg seier at ho er usikker på om sentralbanksjefen har rett i om handlingsregelen bør endrast, men at det er viktig å diskutere det. Ho meiner det er viktig å ikkje bruke oljepengane i offentleg sektor, men bruke dei på vekstfremjande tiltak i det konkurranseutsette delen av næringslivet.

– Vanskeleg å gjennomføre

Ketil Solvik-Olsen

Ketil Solvik-Olsen er finanspolitisk talsmann i Framstegspartiet.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Finanspolitisk talsmann i Framstegspartiet, Ketil Solvik-Olsen, trur forslaget frå sentralbanksjefen om å endre handlingsregelen vil vise seg vanskeleg å gjennomføre.

– Forslaget inneberg at 34 milliardar kroner forsvinn frå statsbudsjettet. eg skal like å sjå korleis dei andre partia klarer å gjennomføre dette i praksis, seier han.

Solvik-Olsen viser til at Frp aldri har støtta handlingsregelen, men han seier at dei kan kome til å gjere det, regelen berre blir relatert til forbruk og ikkje til investeringar.

– Mange parti vil nok støtte sentralbanksjefen sitt forslag i teorien, samstundes som dei vegrar seg for å vedta det, seier han.

SV: Ikkje klokt

SV-leiar ogtidlegare finansminister synest ikkje noko særleg om forslaget frå Øystein Olsen.

– I vurderingsstratefien til oljefondet ser vi 100 år tilbake i tid, seier ho til NTB. Ho meiner at lågt overskot har med finanskrisa å gjere, og at sentralbanksjefen har eit altfor kort perspektiv.

KrF likar forslaget

KrFs finanspolitiske talsmann Hans Olav Syversen ber regjeringa nøye vurdere forslaget frå sentralbanksjefen. Han meiner at den krevjande situasjonen i verdsøkonomien gjer det lite realistisk å operere med eit forventa overskot på fire prosent av oljefondet.

– Å redusere forslaget om å redusere oljepengebruken til tre prosent, kan vere vegen å gå, meiner han.

Venstre støttar ikkje

Borghild Tenden

Borghild Tenden er finanspolitisk talskvinne i Venstre.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Venstres finanspolitiske talskvinne Borghild Tenden seier rett ut at partiet ikkje støttar forslaget frå sentralbanksjefen.

– Vi foreslår at oljepengebruken også skal knytast til ein maksimal del av brutto nasjonalprodukt i fastlandsøkonomien, seier Tenden. Ho seier at årsaka er at ein slik bruk av oljepengar er meir tilpassa utviklinga i norsk økonomi og presset mot den konkurranseutsette privat sektor, noko som etter Venstre si meining gir meir fleksibilitet.

– Det låg i korta

Sjeføkonom i Sparebank 1-gruppa, Elisabeth Holvik, seier at det har lege i korta at sentralbanksjefen spelar ballen over til det politiske miljøet. Ho seier at ho, saman med mange andre fagøkonomar, i fleire år har foreslått å bruke mindre oljepengar.

Også andre fagøkonomar støttar forslaget frå sentralbanksjefen. Økkonomiprofessr Hilde C. Bjærland ved BI seier at forslaget er godt.

– Realavkastinga av oljefondet har vore under fire prosent dei siste ti åra, og det betyr at vi har bruk av formuen vår, seier ho til NTB. Ho meiner at regjeringa bør følgje opp forslaget så fort som mogleg.

Unio likar ikkje forslaget

Leiar i fagforbundet Unio, Anders Folkestad, avviser forslaget om å redusere bruken av oljepengar frå fire til tre prosent. Han meiner at mindre bruk av oljepengar vil gi mindre til investeringar i forsking, viktig infrastruktur og helsevesenet.

Sentralbanksjef Øystein Olsen flankert av Jens Stoltenberg (t.v.) og Sigbjørn Johnsen.

Sentralbanksjef Øystein Olsen flankert av statsminister Jens Stoltenberg (t.v.) og Sigbjørn Johnsen.

Foto: Karlsen, Anette / Scanpix

AKTUELT NÅ