Hopp til innhold

Vil ha smalare firefelts – og like høg fart

Samferdselsministeren vil ha fleire firefelts vegar med fartsgrense 110 km/t rundt om i landet. Men vegane kan bli smalare enn dagens, for dei skal byggjast billegare.

Firefelts motorvei på E6 ved Kløfta i Akershus

Mindre trafikkerte firefelts motorvegar kan i framtida bli så smale som 19 meter, betydeleg smalare enn dagens E6 ved Kløfta i Akershus.

Foto: Audun Braastad / NTB scanpix

Samferdselsminister Jon Georg Dale har stor tru på at det kan la seg gjera å byggja firefelts veg fleire stader der det til no har vore heilt uaktuelt for fleire felt.

– Så høg fart som mogeleg

– Det er viktig at vi held den farta som er sikker. Reisetid og framkomelegheit betyr noko for folk, og vi skal ha så høg fart som mogeleg så lenge trafikktryggleiken er ivaretatt. Vi har gode erfaringar med å setje fartsgrensa opp til 110 km/t, og vurderer det på fleire vegar, også på desse vegane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale til NRK.

Samferdselsminister, Jon Georg Dale (Frp)

Samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp)

Foto: NRK

Han seier dette blir på vegar der ein tidlegare har nøydd seg med å byggja to og tre felt fordi det har vore for liten trafikk til å byggja ordinær firefelts veg. Nye vurderingar kan tilsei at ein byggjer smale firefelts vegar der årsdøgntrafikken er mellom 6 000 og 12 000 kjøretøy.

– Vi har ein del to og trefelts vegar der fleire meiner vi lett kan utvida til smal firefelt, høgare fart og raskare framkomelegheit utan at investeringane går vesentleg opp, seier Dale.

Tryggare trafikk

– Men går ikkje smalare motorveg ut over trafikktryggleiken?

– Nei, dette er tenkt som erstatning for dei to- og trefelts vegane vi har i dag, og i prinsippet kan fire felt gi betre framkomelegheit og betre trafikktryggleik. Mange hevdar dette kan gjerast utan at kostnadane stig, men at samfunnsnytta går betydeleg opp.

Dale viser til at det nye vegselskapet Nye Veier har klart å byggje smal firefelts veg like godt og grundig som to- og trefelts veg.

Standarder for 4-felt motorvei

I ei fersk utgreiing har ekspertar sett på korleis smalare vegskulder, og noko smalare køyrefelt er i bruk i ulike land. Eit av forslaga har ei asfaltert vegbreidde på 17,3 m – der ein i dag har krav om 23 m.

Foto: Rapporten «Tværprofil og tracé for landeveje» av Trafitec / Statens vegvesen

– Kvar er det behov for firefelts vegar som kan byggjast smalare?

– Vi veit at trafikken veks mange stader. Vi fraktar meir gods og vi reier meir. På dei lange strekningane som bind landet tettare saman er det ikkje trafikkgrunnlag til full firefelts utbygging alle stader i dag. Men det kan vera plassar der det er naturleg å ha smal firefelts i staden for to- og trefelts veg.

Konkrete vurderingar

– Kvar ser du for deg dette?

– Det skal du få svar på når eg har fått svar på om dette er mogeleg å gjera, og i kva omfang ein kan gjera det. Så må vi gjera konkrete vurderingar på konkrete prosjekt, men eg meiner dette er spennande, seier Dale.

– Ser du for deg firefelts vegar både i Nord-Norge og på Vestlandet?

– Eg utelukkar ikkje noko no, men vi veit at det krev eit visst trafikkgrunnlag for å bli lønsamt. Derfor ser vi no på strekningar med seks til tolv tusen ÅDT (årsdøgntrafikk), til dømes for å erstatta det som i dag er to- og trefelts utbyggingar, seier Dale.

NAF er landets største bilorganisasjon, og kommunikasjonssjef Camilla Ryste er positiv til endå fleire firefelts vegar.

– NAF førest at departementet og Statens vegvesen går grundig inn i dette, at dei ser på alle sider og vurderer trafikktryggleiken nøye. Dersom dei kan dokumentera at smale mortorvegar som blir bygd meir konstandseffektivt ikkje går ut over tryggleiken i trafikken, er det ingenting i vegen for at dei blir bygde på denne måten, seier ho.

NRK har sett på stader der årsdøgntrafikken er mellom 6 000 og 12 000 køyretøy på norske riks- og europavegar i databasen Nasjonal vegdatabank hos Statens vegvesen. Også nokre fylkesvegar har stor trafikk, men er ikkje tatt med i denne visualiseringa. Kartet under viser slike strekk der det i dag ikkje alt er fleire felt:

Veier med 6000-12000 ÅDT og to felt

AKTUELT NÅ