Hopp til innhold

Vil ha opp prisane på klede, og gjere det billegare å reparere

Klesindustrien er stempla som klimaversting. No krev Framtiden i våre hender (FIVH) miljøavgifter på nye klesplagg og avgiftslette på reparasjon av gamle klede.

Anja Bakken Riis i Fremtiden i våre hender (FIVH)

Anja Bakken Riise i Fremtiden i våre hender ber regjeringa setje i verk tiltak for at det skal lønne seg å reparere skadde klesplagg i staden for å kjøpe nytt.

Foto: FIVH

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Nordmenn handlar klede som aldri før. Ei undersøking gjort av Forbrukarforskingsinstituttet Sifo, viser at kvar og ein av oss har i snitt 359 klesplagg. Mange av desse klesplagga hamnar i søppelet på grunn av enkle, små skadar som hadde vore lette å fikse .

Det har aldri vore billegare å kjøpe nye klesplagg, men det har aldri vore dyrare å reparere klesplagg med skadar. No meiner FIVH at det er på høg tid at det igjen blir lønsamt å reparere i staden for å kjøpe nytt.

Miljøversting

– Klesindustrien er ein miljøversting og FN oppmodar folk til nettopp å bruke kleda lenger og kjøpe færre nye plagg. Då gir det lita meining at det er billegare og enklare i Noreg å kjøpe nytt enn å reparere. Det er på tide at regjeringa vaknar, seier leiar i Framtiden i våre hender , Anja Bakken Riise.

Ho viser til forsking som slår fast at ressurskostnadene for å produsere nye klesplass er skyhøge. Berre å produsere eitt par nye dongeribukser krev til dømes 7000 liter vatn. Og når det gjeld klesforbruket vårt så fører det til enorme mengder med avfall, og miljøkostnadene og resursbruken er enorm, seier ho til NRK.

FN har slått fast at Fast Fashion, altså klede som ikkje er laga for å vare lenge, er ein av dei største klimaverstingane.

Miljøavgift og momskutt

Anja Bakken Riise krev at regjeringa må få på plass fleire verkemiddel for å få ned det klima- og miljøskadelege klesforbruket. Ho peikar på tiltak som å leggje miljøavgift på klede, samstundes som ein kan fjerne momsen på å reparere klede. Ho vil også gjere det billegare å leige klede.

Ingun Grimstad Klepp

Ingrun Grimstad Klepp for forbruksforskar ved forskingsinstitusjonen Sifo.

Foto: Pressefoto/Oslomet

Fretex får inn 50 tonn tekstilar kvar dag. Kvar av oss brukar rundt 13-16 kg nytt tøy i året, går det fram av ein studie gjennomført av Oslo Met. Det er langt meir enn vi greier å slite ut, og halvparten hamnar rett i restavfallet.

Forsker: – Overforbruk av klær er den største miljøutfordringen

Forbruksforskar ved Sifo , Ingun Grimstad Klepp var ansvarleg for denne undersøkinga. Ho er samd med Framtiden i våre hender om at noko må gjerast med klesforbruket vårt.

– Det vi gjer no, med så kort brukstid på klede, er ein katastrofe for miljøet. Ingen burde kjøpe klede som dei ikkje har lyst til å bruke fleire hundre gonger. Då burde dei heller låne eller leige, meiner ho.

Fremtiden i våre hender meiner altså at ei avgiftsauke på kjøpe av nye klede og eit tilsvarande kutt i avgiftene på reparasjon og utleige, er vegen å gå.

 Kim Ryon-hui jobber som skredder

Fremtiden i våre hender vil ha momsfritak på skreddartenester, slik at det blir meir lønsamt å reparere i staden for å kjøpe nytt.

Foto: Kjersti Strømmen / NRK

– Altfor dyrt å reparere

Unge menneske NRK snakker med på gata i Oslo vedgår at dei har eit stort forbruk av klede, men dei synest også at ideen til FIVH er god.

– Eg har litt erfaring med skreddarar, sidan eg har sydd inn fleire bukser. Og det er veldig dyrt. Så derfor kjøper eg heller nytt, seier ei jente. Men ho legg til:

– Om det var billegare så kunne eg godt tenkt meg å få plagget reparert hos skreddar i staden, absolutt.

Fleire er samde med henne.

– Det er nesten sånn at det lønner seg å kjøpe nytt, og då blir det til at ein tyr til det, seier ei anna jente.

Det har ikkje lukkast NRK å få svar frå Miljøverndepartementet, Finansdepartementet eller Barne- og famililedepartementet, som har ansvar for forbrukarsaker.

AKTUELT NÅ