Hopp til innhold

Vil ha obduksjon av alle som døyr i trafikken

Ei ekspertgruppe leidd av Samferdsledepartementet meiner det bør gjennomførast rettsmedisinsk obduksjon av alle som misser livet i trafikkulukker her i landet.

Bent Høie (t.v.) og Ketil Solvik-Olsen.

Både helseminister Bent Høie (t.v.) og samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen støttar forslaget om at rettsmedisinsk obduksjon skal bli obligatorisk for alle som misser livet i trafikken.

Både samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) og helseminister Bent Høie (H) gir si støtte til rapporten, men seier at regjeringa ikkje vil ta ei endeleg avgjerd før etter at alle høyringsinstansane har sagt si meining.

– Eg trur obligatoriske obduksjonar er eit viktig tiltak for å forstå ulukkene, for å sjå om det er helsemessige årsaker til det som har skjedd. Om det ikkje kjem inn alvorlege innvendingar frå høyringsinstansane, så håper eg ordninga kan bli gjennomført i løpet av 2019, seier Ketil Solvik-Olsen til NRK.

Straffbar handling

Obduksjonssal Rettsmedisinsk institutt

Slik ser det ut på obduksjonssalen ved Rettsmedisinsk institutt i Oslo.

Foto: Helge Carlsen / NRK

I dag blir rundt halvparten av dei som døyr i trafikkulukker her i landet obdusert. Ordninga er at omkomne i trafikkulukker berre blir obduserte om påtalemakta finn det naudsynt av omsyn til etterforskinga. Hovudformålet med obduksjon er å finne ut om dødsfallet kan knytast til ei straffbar handling.

Ekspertgruppa slår fast at dødsfall i trafikken skjer anten ved ei straffbar handling, sjølvdrap eller ei ulukke. Og sjølv om årsaka er ei ulukke, vil resultatet av ein obduksjon likevel vere viktig for samfunnet.

Dette fordi ein obduksjon av den omkomne kan gi kunnskap om det som skjedde før ulukka, faktorar som kan ha ført til ulukka og kva type skade den omkomne har.

Krever obduksjon av alle som dør i trafikkulykker

Stort samfunnsproblem

Arne Stray-Pedersen

Rettsmedisinar Arne Stray Pedersen er ein av ekspertane som står bak rapporten. Han støttar fullt ut forslaget om å innføre obligatorisk obduksjon ved dødsulukker i trafikken.

Foto: Ketil Kern / NRK

– Trafikkulukker er eit stort samfunnsproblem. 791 menneske vart drepne eller hardt skadde i trafikken i 2016. Rettsmedisinsk obduksjon av omkomne i trafikken kan bidra til å avdekkje faktisk dødsårsak og med dette gi betre kunnskap om ulukkesforløpet, årsaksfaktorar og skademekanismar ved trafikkulukker, heiter det blant anna i rapporten.

Ketil Solvik-Olsen viser til at tala på omkomne i trafikken her i landet er nesten halvert berre i løpet av dei siste fem åra, og at Noreg er det landet i Europa med færrast trafikkdødsfall i forhold til folketalet.

Han trur at obduksjon av alle som døyr i trafikken vil gjere det lettare å finne fram til tiltak som kan få tala ytterlegare ned. Både han og helseminister Bent Høie lovar pengar på budsjetta til å styrke obduksjonskapasiteten.

Ei studie av omkomne bilførarar frå Søraust-Noreg i perioden 2000 til 2014 vart det påvist at 28 prosent av 301 sjåførar som hadde forårsaka kollisjon, leid av ein alvorleg kronisk sjukdom eller akutt sjukdom.

Alvorleg sjukdom

70 prosent av sjåførane over 55 år hadde alvorleg sjukdom som kan forklare akutt sjukdom før kollisjonen. Blant dei under 45 år var det svært uvanleg med sjukdom.

Rettsmedisinar Arne Stray Pedersen ved Oslo universitetssjukehus er ein av dei som har utarbeidd den nye rapporten. Han seier at fagmiljøet stiller seg bak forslaget om obligatorisk obduksjon.

– Funna vi gjer i ein obduksjon er sentrale for å finne ut kva som har skjedd. Om ulukka kan skuldast sjukdom, rus eller andre ting. Skal vi lukkast med å få ned talet på dødsulukker i trafikken, er dette heilt sentralt, seier han til NRK.

Les heile rapporten her

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger