Hopp til innhold

Vil ha ny debatt om statsborgarskap

I Danmark er det lagt fram lovframlegg om å innføre dobbelt statsborgarskap. No vil SV ha ny debatt i Noreg.

Heikki Holmås
Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

- Vi må absolutt ha i gang ein ny debatt i Noreg. Det går mot dobbelt statsborgarskap i dei fleste andre landa rundt oss, og argumenta dei brukar gjeld også for oss, seier stortingsrepresentant Heikki Holmås frå SV til NRK.

I mindretal i Europa

Noreg er eitt av ni europeiske land som ikkje tillet dobbelt statsborgarskap i dag.

Det inneber at innflyttarar som vil verte norsk statsborgar som hovudregel må gje opp det tidlegare statsborgarskapet sitt fyrst, medan norske statsborgarar som søkjer statsborgarskap i eit anna land, må gje opp det norske.

I nabolanda Finland, Island og Sverige er det annleis.

Sverige innførte moglegheita til å søkje dobbelt statsborgarskap i 2001, medan Tyskland har gjort det mogleg for alle tyskarar som er busett innanfor EU og Sveits å ha eit statsborgarskap i tillegg til det tyske. No kan det gå mot endring også i Danmark.

- Ei globalisert verd

Førre veke la partiet Ny Alliance fram eit lovframlegg om å innføre dobbelt statsborgerskap.

- Vi skal vekk frå den retorikken som handlar om blodsband. Den høyrer ikkje heime i ei globalisert verd, argumenterer Jørgen Poulsen frå Ny Alliance overfor avisa Information.

Ny Alliance

Naser Khader i Ny Alliance

Foto: Keld Navntoft / SCANPIX

Framlegget er ikkje handsama i Folketinget enno, men har så langt møtt positiv respons både til høgre og venstre for partiet.

Ifølgje avisa Politiken er både opposisjonen og dei konservative opne for endringar og integrasjonsminister Birthe Rønn Hornbeck (V) har uttala følgjande:

Ein dag trur eg også Danmark vil akseptere at fleire enn i dag har dobbelt statsborgarskap.

Birthe Rønn Hornbeck / Politiken

SV åleine

I Noreg vart saka sist handsama i 2005, då Stortinget endra loven om norsk statsborgarskap. Stortingsfleirtalet gjekk då imot å innføre dobbelt statsborgarskap. Dette trass i at den offentlege utgreiinga som låg til grunn for lovendringa tilrådde ei endring.

Ap, FrP, Høgre, KrF og Sp meinte at eit dobbelt statsborgarskap svekkja tilknytinga til landet og kunne skape problem i forhold til det diplomatiske vernet norske borgarar har krav på.

Frå Arbeidarpartiet vart det også sagt at dobbelt statsborgarskap kunne hindre oppfølging av tvangsekteskap, heimsending og straffeforfølging.

SV var det einaste partiet som røysta for dobbelt statsborgarskap.

- Feil signal

- Vi ønskjer at folk som kjem til Noreg for å bu her skal integrerast raskast mogleg. Å eie at dei er nøydde til å gje opp alt dei tidlegare har vore for å verte nordmenn, innbyr ikkje til det. Det gjev feil signal.

- Vi lever i ei verd der folk av ulike grunnar flyttar på seg. Å tillate dobbelt statsborgarskap handlar om å få folk til å kjenne seg heime sjølv om dei må flytte, seier Heikki Holmås, som no vil programfeste dobbelt statsborgarskap i SV.

Det er heilt naturleg at vi tek dette opp i SV sitt arbeidsprogram fram mot neste stortingsval.

Heikki Holmås

Holmås får full støtte av partifelle og stortingsrepresentant Rolf Reikvam.

- Dette kjem til å verte løfta fram i partiet ganske raskt, seier han.

- Ikkje aktuelt

Aril Stokkan-Grande

Ei programfesting frå SV si side, kan derimot by på problem i forhold til dei andre to regjeringspartia.

- Stortingsfleirtalet var for enkelt statsborgarskap i 2005. Det er ikkje aktuelt å ta denne saka opp att no, seier innvandringspolitisk talsmann Arild Stokkan-Grande for Arbeidarpartiet.

Innvandringspolitisk talsmann for Senterpartiet har heller inga tru på at utviklinga i Danmark vil ha noko å seie for Noreg no.

- Vi lever sjølvsagt ikkje i noko vakum, men til sjuande og sist er dette eit nasjonalt spørsmål. Vi må gjere det vi synest er best, så får andre gjere det dei synest er best, seier Trygve Slagsvold Vedum.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger