NRK Meny
Normal

Vil ha mobbing på timeplanen for lærerstudenter

Den nye masterutdanninga på lærarstudie legg ikkje til rette for at studentane kan forske på mobbing, meiner professortrio, som fryktar det kan føre til fleire mobbeoffer.

Ill.foto: Mobbing

MANGLAR KUNNSKAP: – Det er totalt kunnskapslaust av Kunnskapsdepartementet å ikkje legge til rette for at lærarutdanninga famnar om det psykososiale miljøet, meiner professor i pedagogisk psykologi Edvin Bru ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Scanpix / NTB scanpix

– Det nye masterstudie legg ikkje til rette for at lærarstudentane kan fordjupe seg i det psykososiale miljøet på skulen. Dette er rett og slett kunnskapslaust av Kunnskapsdepartementet, seier professor i pedagogisk psykologi Edvin Bru ved Universitetet i Stavanger.

I 2017 må alle som ønskjer å utdanne seg til å bli lærar ta ei masterutdanning på fem år. No er forslaget til korleis utdanninga skal bli ute på høyring.

– Kompetanse som på 60-talet

Edvin Bru

FÅR FLEIRE OFFER: – Manglar vi kunnskapen om korleis vi kan bli kvitt mobbing, får vi berre fleire offer, seier professor i pedagogisk psykologi Edvin Bru ved Universitetet i Stavanger.

Foto: pressefoto

– Det er utruleg at det går an. Vi risikerer å hamne tilbake i 60-talet med kompetansen og kunnskapen, seier Bru.

Dei siste åra har det kome fram fleire historier om barn og unge som har opplevd mobbing.

Boka «Psykisk helse i skolen» som kjem ut i februar, ser mobbing og trakassering gjennom læraren sine auge.

– Vi må ha eigne ekspertlærarar som heile tida får fagleg påfyll om dette. Dei må også fungere som rettleiarar for kollegaene sine, seier Ella Cosmovici Idsøe, professor ved Nasjonalt senter for læringsmiljø og åtferdsforsking ved Universitetet i Stavanger, og medforfattar av boka.

Fredag signerte regjeringa ein partnerskapsavtale mot mobbing.

– Det er berre politisk show. Det hjelper ikkje å signere nokre papir om det ikkje vert arbeidd aktivt og målretta med dette. Kvar einaste dag, seier Idsøe.

Får støtte frå forbund – Engasjement viktigere enn kunnskap

– Eg har vanskeleg for å forstå at dei sender dette forslaget ut på høyring. Fokuset ligg på fleire fag, og svært lite om kva ein lærar kan gjere for å vere ein trygg omsorgsperson, seier Bru.

– Det hjelper ikkje å ha ein antimobbekampanje ein gong i året om det ikkje vert arbeidd for dette kvar dag.

Dei to får støtte frå Utdanningsforbundet. Dei er positive til masterutdanninga, men meiner mangfaldet i skulen er viktig.

Odin Olsen Andersgård ble 13 år. Han tok sitt eget liv etter å levd med mobbing på to skoler

Odin- saka vekte stort engasjement, han vart berre 13 år. Då tok han livet sitt etter å ha blitt mobba på to ulike skular.

Ventar og ser svarfristen

– Vi har kome med innspel til utvalet at det er uheldig at det vert lagt opp til at masterutdanninga berre skal takast i såkalla skulefag, seier leiar i Utdanningsforbundet, Steffen Handal.

Bjørn Haugstad

VENTAR: – Masterutdanninga vil styrke lærarane sin kompetanse og analyseferdigheiter. Og dei vil lettare kunne ta til seg ny forsking, og det vil komme arbeidet mot mobbing til gode, seier statssekretær i Kunnskapsdepartementet, Bjørn Haugstad.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Gode rammeavtaler for utdanninga må dekke det vi har behov for at alle lærarar kan. Anti-mobbearbeid er absolutt eit slikt element. Rammeplanane for dei nye masterutdanningane er sendt på høyring med frist 1. april. I utkastet, får inkludering, tilpassa opplæring, og klasseleiing stor plass, seier Bjørn Haugstad, statssekretær i Kunnskapsdepartementet.

Han fortel også at det på tredje året i utdanninga er eit tilbod til studentar om å ta spesialpedagogikk.

– Men grunnskulelærarutdanninga vil ikkje kunne utdanne spesialpedagogar med tung spesialisering.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger