Hopp til innhold

Vil ha meir overvaking av jihadistar

Det er behov for auka overvaking av Syria-krigarane framover, seier leiar i Utanrikskomiteen på Stortinget, Anniken Huitfeldt frå Arbeidarpartiet.

Anniken Huitfeldt og IS-krigere i Tell Abiad

MEIR OVERVAKING: Anniken Huitfeldt (Ap) meiner auka terrortrussel må føre til auka overvaking av nordmenn som har drive heilag krig i Syria.

Foto: NTB Scanpix/NRK

Store delar av leiinga i Arbeidarpartiet var i dag samla på Bratteli-saminaret som i år handla om ekstremisme. Huitfeldt meiner trusselnivået gjer at overvakinga bør skjerpast:

– I haust kom beskjeden frå Politiets tryggingsteneste (PST) om større terrortrussel mot fleire europeiske land, så det er behov for auka overvaking, seier Huitfeldt til NRK.

Støre: – Ikkje for Gud, men for menneske

Seminaret, som blir arrangert i regi av Arbeidarpartiet, har fått namnet etter politikar Trygve Bratteli. Han var sjølv offer for ekstremisme, og sat i to konsentrasjonsleiarar under andre verdskrig. Kampen mot totalitære krefter prega heile livet hans.

Ap-leiar Jonas Gahr Støre deltok også på seminaret. I helga fekk han krass kritikk frå fleire hald etter at han uttalte at han ikkje ville stå opp for retten til å drive blasfemi.

På Bratteli-seminaret sa Støre dette:

– Skarp religionskritikk og karikaturar av alle religionar, alle tekstar, all praksis og alle profetar må tålast. Ytringsfridomen er ein føresetnad for religionsfridomen.

Han sa også at menneskerettane skal beskytte menneske, ikkje gudar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Støre om ekstremisme

Støre om ekstremisme på Bratteli-seminaret

Større og større sjanse for terror

Journalist og forfattar Øyvind Strømmen var også invitert til seminaret. Han har i fleire år sett nærare på høgreekstreme miljø.

– Høgreekstreme kan delast inn i tre grupper. Dei som hatar muslimar, dei som hatar jødar og dei som hatar begge, uttalte han under sitt innlegg.

Peter Neumann, direktør for International Centre for the Study of Radicalisation, seier at sjansen for eit nytt terroråtak i Europa blir større og større for kvar dag som går.

– Eg kan ikkje vite om det blir eit åtak i Noreg, London eller Madrid i neste veke, men det er ingen grunn til å tvile på at situasjonen i Syria vil utløyse hendingar i mange år framover, seier Neumann.

AKTUELT NÅ