Det blir foreslått i ei utgreiing som er gjort i Forsvaret. Forslaget kjem til å endre preste-tenesta i militærleirane radikalt.
Leiar for utgreiinga, Nils Terje Lunde, meiner Forsvaret ikkje lenger kan ha eit system der 60 feltprestar er underlagt Den norske kyrkja.
På tide med endring
– Vi går inn for at feltprestkorpset blir skilt frå Den norske kyrkja og omfattar geistlege frå alle trus- og livssynssamfunn, seier Lunde.
Prestane gir undervisning og tilbod om samtalar, dei har gudstenester og bibelgrupper i kapellet - som finst i alle norske militærleirar. Den norske kyrkja er ein integrert del av Forsvaret. Det er det på tide å endre, seier Lunde.
– Det er ein aukande del av folket som tilhøyrer andre trus- og livssynssamfunn, og dette må også bli spegla i Forsvaret.
Religionsnøytral avdeling
Lunde er sjølv i feltprestkorpset, som no rettar eit kritisk blikk mot seg sjølv. Retten til fri religionsutøving gjer at utgreiinga han har leia tek til orde for å opprette ei religions-nøytral avdeling - der både kristne prestar og muslimske imamar skal gjere teneste.
– Det vil omfatte personell frå alle registrerte trussamfunn, og også felthumanistar, seier Lunde.
Men det blir vanskeleg å gje permanent tilbod til alle trusretningar i kvar einaste leir:
– Difor forelsår vi tilsette i deltidsstillingar, for eksempel som felt-imam, som deler landet mellom seg, seier Lunde.
Jens Brun-Pedersen i Human-Etisk Forbud vi ha eit religionsnøytralt forsvar. Klikk på biletet for å sjå video.