Hopp til innhold

Tybring-Gjedde vil ha eigen beredskapsplan for Oslo: – Det må sterkare lut til

Stortingsrepresentant Mathilde Tybring Gjedde (H) meiner Oslo treng sin eigen beredskapsplan for informasjonsarbeid ved krisesituasjonar.

Mathilde Tybring-Gjedde

VIL SIKRE AT INFORMASJONEN NÅR ALLE: Mathilde Tybring Gjedde, stortingsrepresentant frå Oslo Høgre.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

– Det er ganske mange eldsjeler i bydelane i Oslo som gjer ein viktig jobb, men skal vi lykkast med dette for å sikre ein total beredskap i byen vår så må det sterkare lut til, seier Mathilde Tybring-Gjedde

Høgrepolitikaren vil at Oslo skal få sin eigen beredskapsplan som skal sikre betre informasjonsformidling til alle dei som bur i byen.

– Vi må rett og slett sjå denne krisa gjennom auga til nokon som har kort butid, som ikkje kan språket, ikkje har den same tillita eller tilknytinga til kommunen sine tenester, seier Tybring-Gjedde.

Høgrepolitikaren ønskjer straks å auke talet frivillige og intensivere det oppsøkande informasjonsarbeidet i byen i form av «Dør-til døraksjonar» der det er forsvarleg med tanke på smittevern.

– Vi må motarbeide så store forskjellar i talet på smitta mellom bydelane, vi må bruke den kompetansen vi har til å nå ut til menneske som ikkje er på vanlege kanalar, seier Mathilde Tybring-Gjedde.

Mathilde Tybring-Gjedde

VIL SIKRE AT ALLE FÅR INFORMASJONEN DEI TRENG: Mathilde Tybring Gjedde, stortingsrepresentant frå Oslo Høgre.

Foto: Høgre

Trur ikkje ein beredskapsplan er svaret

– Det er kult å sjå at Mathilde er genuint opptatt av dette, men eg trur nok ikkje at noko beredskapsplan er svaret, seier byråd Omar Gamal (SV).

Gamal er byråd for arbeid, sosiale tenester og mangfald i Oslo.

Han meiner tiltaka Tybring-Gjedde spør etter allereie er godt i gang.

– Vi gjer allereie det ho oppfordrar til. Dei frivillige organisasjonane, bydelane og Nav gjer ein formidabel innsats gjennom oppsøkande arbeid i form av oppringing, oppsøking på gata og dørbank, seier Gamal.

gyG9M3xzsFU

VIL IKKJE HA BEREDSKAPSPLAN: Omar Gamal, byråd for arbeid, sosiale tenester og mangfald i Oslo.

Foto: Heiko Junge / NTB

Meiner samarbeidet fungerer som det skal

SV-politikaren trekk på skuldrene når NRK spør han om kommunen bør spele ein større overordna rolle i det oppsøkande arbeidet.

– Kommunen hjelper bydelane og dei frivillige organisasjonane med alt som trengst, seier Gamal.

Han meiner arbeidet med å informere sårbare grupper allereie har hatt positiv effekt,

– Eg har fått tilbakemeldingar om at tiltaka mot dei sårbare gruppene allereie no gjev resultat og at fleire no får med seg informasjonen om koronaviruset, men vi skal fortsette å sørgje for at informasjonen kjem fram, seier Gamal.

Fryktar meir rasisme

Onsdag kom tal frå Folkehelseinstituttet som viser at personar som er fødde i Somalia er hardast ramma av koronasmitte blant innvandrarar i Noreg.

Smittevernoverlegen i Oslo sa då at han var bekymra for korleis koronaviruset spreidde seg på austkanten av byen.

– Dei siste vekene har vi sett ei dreiing mot at det er meir ny smitte i bydelar med mange innvandrarar, sa Tore Steen.

Byråd for arbeid, sosiale tenester og mangfald i Oslo, Omar Gamal understrekar at statistikken om koronasmitte i Noreg fordelt på fødeland er viktig for det den løftar diskusjonen om korleis koronaviruset rammar sårbare grupper.

Samstundes oppfordrar han folk til å sette seg inn i kvifor tala er som dei er.

– Det er også viktig å huske at sosiale forskjellar, tronge buforhold, inntekt og fattigdom er faktorar her, seier Gamal og følgjer opp:

– Mange innvandrar jobbar som taxisjåførar, reinhaldsarbeidarar og helsepersonell og er derfor meir ute blant folk og meir utsett for smitte, seier Gamal.

Byråden er bekymra for at mange tolkar statistikken feil og at det fører til meir rasisme og stigmatisering.

– Det bekymrar meg at vi ser både i kommentarfelt og på nett at rasisme og stigmatisering begynner å spreie seg, det er det ikkje noko grunn til, vi må framleis halde saman, vi er ein heil klode som er i same båt og vi må ta vare på kvarandre i ei sånn krise som vi er i, seier han.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger