Hopp til innhold

Vil ha avgift på blyhagl

Folkehelseinstituttet foreslår at Stortinget innfører avgift på blyhagl og vurderer avgiftsfritak på meir miljøvenleg ammunisjon for å redusere utslepp av 250 tonn bly i naturen.

Rypejakt
Foto: Scanpix

Opphevinga av blyhaglforbodet skakar ikkje berre naturvitarar. No ropar også forskar- og fagmiljø i helsesektoren varsku.

Stortinget har for lengst, stikk i strid med ei unison tilråding frå forskarmiljøa, vedtatt å oppheva forbodet mot blyhagl i småviltjakta. Med unntak for nokre få område, blir det dermed fritt fram for å jakte med miljøskadeleg blyhagl under jakta frå og med i haust.

Kritikk mot stortingsfleirtalet

No har forskriftene til denne endringa vore ute på høyring, og både Veterinærinstituttet og Folkehelseinstituttet brukar høyringsrunden til endå ein gong å understreka at Stortinget har gjort eit fatalt feilgrep ved å tillate utslepp av bly i naturen igjen.

Folkehelseinstituttet er såpass urolege over vedtaket, at dei ber politikarane vurdere å innføre ei avgift på blyhagl , og eventuelt redusere avgifter på blyfrie alternativ.

– Vi ser tydeleg at folk som et kjøt frå dyr som er skote med blyammunisjon har høgare blynivå i blodet, og vi veit at det kan ha betydning både for blodtrykk og for hjerneutviklinga hos barn og fostre, seier underdirektør Jan Alexander i Folkehelseinstituttet til NRK.

Vil ha avgifter

Nå foreslår dei avgifter for at jegerane skal velja meir miljøvenleg ammunisjon.

– Vi peikar på at dette er mogeleg for å få minst mogeleg bruk av blyhagl-ammunisjon, seier Alexander.

Veterinærinstituttet går også rett på sak i høyringsbrevet :

«Veterinærinstituttet mener Stortinget har sett bort fra godt dokumenterte helse- og miljøfaglige råd med sitt vedtak om å endre blyhaglforbudet … Et tresifret antall tonn med blyhagl vil bli spredd i naturen gjennom jaktsesongen.»

Miljøpartiet foreslår avgift

Rasmus Hansson i Miljøpartiet Dei Grøne kjem til å legge fram eit forslag om miljøavgift på blyhagl før sommaren.

– Eg håpar vi kan få dette gjennom snart, og at miljøavgifta kan gjelde frå 1. januar 2016, seier han til NRK.

AKTUELT NÅ