– SV har blitt for smale

SV har blitt eit altfor smalt parti, meiner Audun Lysbakken etter gårsdagens katastrofeval. Ved å rappa veljarar frå Ap vil han gjenreisa «folkepartiet SV».

Audun Lysbakken og Kristin Halvorsen (SV)

SV er eit synkande skip og Kristin Halvorsen har bestemt seg for å hoppa av. Audun Lysbakken, som er favoritt til å ta over leiarvervet, etterlyser meir breidde i eige parti og vil ta opp kampen med Ap om veljarane på venstresida.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

Audun Lysbakken vil ikkje la seg krona som ny SV-leiar etter at Kristin Halvorsen i går kunngjorde at ho vil trekkja seg som partileiar før stortingsvalet i 2013.

– Me er republikanarar og har ingen arverekkjefølge i SV, seier statsråden og SV-politikaren.

Han er skuffa etter at SV gjorde sitt dårlegaste kommuneval på 40 år i går. Partiet fekk ein oppslutnad på skarve 4 prosent - ned 2 prosent frå førre lokalval i 2007.

Uavhengig av kven som no tek over eit vaklande SV etter Halvorsen, så har Lysbakken ein lynande klar beskjed til sitt eige parti:

– Når me gjer eit så dårleg val, så nyttar det ikkje å berre bli litt tydelegare i kommunikasjonsmåten. Me må breia oss ut politisk og sosialt for å gjenreisa partiet før Stortingsvalet i 2013.

– Må fornya oss

Halvorsen si avgjerd om å tre av etter 15 år bak SV-roret kom som ei overrasking på mange. Seinast dagen før lokalvalet uttalte Halvorsen sjølv at ho ikkje kom til å trekkja seg. Men sanninga var at SV-leiaren hadde bestemt seg allereie etter førre stortingsval for to år sidan.

Umiddelbart begynte spekulasjonane om kven som skal ta over stafettpinnen. Barne-, likestillings-, og inkluderingsminister Audun Lysbakken og og nestleiar i SV, Bård Vegar Solhjell, sigla raskt fram som favorittane.

Mange held ein knapp på Lysbakken. Favorittkandidaten sjølv håpar at debatten rundt SV sin kurs vidare vil dreia seg om politikk og ikkje om personar.

– Me lurar oss sjølve dersom me trur at ein leiardebatt vil løysa SV sine vanskar. Me har eit politisk problem. Me må fornya oss og forandra måten partiet når ut til veljarane på. Det er ei mykje større oppgåve enn valet av ny leiar, seier 33-åringen.

SV-landsmøtet våren 2011

Mange vil ha Audun Lysbakken (t.v.) eller Bård Vegar Solhjell til ny SV-leiar frå våren av.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Til venstre

Det er nettopp behovet for fornying som får mange til å peika på Lysbakken som mannen som bør erstatta Halvorsen. Bergensaren høyrer til venstrefløyen i SV og blir rekna som meir radikal enn den avtroppande SV-leiaren.

Men Lysbakken vil likevel ikkje at SV skal bli smalare - tvert imot.

– Me treng å bli eit breiare parti. På sitt beste har SV vore eit folkeparti. Me har blitt for smale både politisk og sosialt, seier han.

Han viser blant anna til at partiet har tapt tillit hjå fagforeiningane, og at det ikkje har greidd å markera seg i viktige saker innan helse og omsorg, og i arbeids- og næringslivspolitikken.

– Me må gje Arbeidarpartiet meir konkurranse om veljarane som heller mot venstresida. Det vil heile venstresida vera tent med, trur Lysbakken.

Magnus Takvam

Arbeidarpartiet har fått æra for mange SV-sigrar i det raudgrøne regjeringssamarbeidet, seier politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam.

Foto: Kaland, Ole / Ole Kaland, NRK
– Ap er ikkje SVs problem

I motsetning til SV, gjorde Ap sitt beste lokalval på 24 år med 31.7 prosent oppslutnad på landsbasis.

SV sitt regjeringssamarbeid med storebror Ap har blitt trekt fram som eitt av SV sine store problem. Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam meiner SV har hamna i skuggen av Ap, og at dei ikkje har fått betalt for den innverknaden dei faktisk har hatt over den raudgrøne politikken.

Men sjølv om regjeringssamarbeidet kan ha kosta SV dyrt, er det ikkje aktuelt å trekkja seg ut.

– Det er ikkje aktuelt for oss å gå ut av regjeringa på grunn av det resultatet me fekk i lokalvalet. Me har eit mandat frå våre medlemmer til å sitja i regjering. Me blir sitjande så lenge me har det mandatet, understrekar Lysbakken.

Dersom nokon i partiet likevel etterlyser ein debatt om den raudgrøne strategien framover, så ønskjer Lysbakken den velkomen. Samtidig gjer han det klinkande klart at SV treng ein intern revolusjon, og kan ikkje skulda på Ap.

– Me har veldig gode resultat i regjering, me har fått til store ting som har endra Noreg sidan 2005. Men det kan me ikkje leva på fram til 2013, difor må me fornya oss.

Lysbakken stum om leiarposisjon

Halvorsen, som tok over leiarvervet i SV etter Erik Solheim i 1997, seier ho går av til våren fordi ho vil gje ein ny leiar rom til å bli «varm i trøya» før valet i 2013.

Sjølv om Lysbakken er ein av favorittkandidatane, vil han førebels ikkje svara på om han har lyst til å ta ansvaret for ein omfattande snuoperasjon i SV.

– Eg er oppteken av å få greie på kva partiet vil politisk først. For det andre må eg ta nokre rundar på heimebane om dette dersom det blir aktuelt.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger