Hopp til innhold

Vil gi gratis prevensjon til ungdom under 16 år

Ungdom mellom 16 og 20 år får i dag gratis eller billig reseptbelagt prevensjon av helsesyster, men er du under 16 år må du betale full pris. Det vil fagfolk og ungdomspartia endre på.

Neste alle ungdomspartiene vil kutte sykelønna

NESTEN EINIG: f.h: Bjørn-Kristian Svendsrud (FpU), Ida Lindtveit (KrFU), Sandra Bruflot (Unge Høyre) og Tord Hustveit (Unge Venstre) vil alle ha billigare reseptbelagt prevensjon til ungdom under 16 år, sjølv om FpU ikkje signerte oppropet.

Foto: Åse Marit Befring

Jordmorforeiningar, Landsgruppen av helsesøstre og Sex og samfunn har saman med fleire av ungdomspartia samla seg bak ei felles anmodning om billigare eller gratis reseptbelagt prevensjon til ungdom under 16 år.

I dag får unge mellom 16 og 20 år gratis eller billig prevensjon, noko som er sikra gjennom ei bidragsordning frå staten. Frå i fjor av kunne helsesystrer og jordmødrer skrive ut reseptar til denne aldersgruppa, men er du under 16 år må du oppsøke lege og betale sjølv.

No vil ungdomspartia og helsepersonell som møter ungdommane ha aldersgrensa fjerna, og samlar seg i eit opprop.

Tore Holte Follestad

VIL UTVIDE: Tore Holte Follestad ved Sex og samfunn, landets største senter for seksuell helse, vil utvide ordninga med billig prevensjon til også dei som er under 16 år.

Foto: Marit Gjellan

– Det er snakk om ei lita gruppe, men om det kan forhindre at ei jente på 15 år vert gravid, så meiner vi det er positivt og gledeleg, seier assisterande dagleg leiar i Sex og samfunn, Tore Holte Follestad.

Den seksuelle lågalder i Noreg er 16 år. Bidrar ikkje dette til auka press til det å debutere seksuelt tidleg?

– Vi tenkjer heller at tilgang på prevensjon også gir tilgang til helsevesenet. Unge jenter som er utsett for seksuell aktivitet eller press frå personar dei ikkje ynskjer å vere seksuelt aktive med kan trenge eit ekstra incentiv til å ta kontakt med helsevesenet på, seier Follestad.

I kravet heiter det at "Det vil også gjøre at helsepersonell kommer lettere i kontakt med de unge som er seksuelt aktive. Slike lavterskelmøter åpner for å snakke om beskyttelse mot seksuelt overførbare infeksjoner, samt avdekke eventuelle relasjoner der det forekommer ufrivillighet eller misbruk".

Figur 1. Andel kvinner i aldersgrupper 15-44 år som fikk prevensjonsmidler (G03A) i 2016.

Figuren viser andelen som fekk prevensjonsmidlar i 2016 i aldersgruppa frå 15 til 44 år.

Foto: Folkehelseinstituttet

Fleire brukar langtidsverkande prevensjon

Forbruket av prevensjon blant kvinner har auka dei siste åra. Framleis er det flest som brukar p-piller, men dei siste seks åra har stadig fleire tenåringar og unge vaksne benytta seg av langtisdsverkande prevensjon som p-stav.

I 2016 fekk 335 000 kvinner i alderen 15-44 år utlevert minst eitt prevensjonsmiddel basert på kjønnshormonar. Dette utgjer 33 prosent av kvinnene i aldersgruppa.

8. mars-markering på Youngstorget

GRATIS PREVENSJON: Under 8. mars-markeringa i Oslo i år gjekk ungdomspartiet Rød Ungdom med ei parole som ber om gratis prevensjon.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Ungdomspartia (nesten) einige om prevensjon

Blant dei som har signert oppropet er alle ungdomspartia, utanom Framstegspartiets Ungdom. Leiar i Kristelig Folkepartis Ungdom, Ida Lindtveit, forklarar at i tillegg til å fjerne den nedre aldersgrensa vil dei også gi tilbod til dei som er over 20 år.

– Fordi gratis prevensjon er eit av dei viktigaste abortførebyggjande tiltaka vi kan ha. For personar under 16 år så er også konsekvensane store dersom ein vert gravid utan å ynskje det, seier ho.

Bidrar det ikkje til å oppfordre dei under 16 år til å ha sex?

– Er det noko alle ungdomspartia har vore veldig tydeleg på så er det at seksualundervisninga må betrast, med fokus på grensesetting og relasjonar. Ein må arbeide på fleire måtar for å gi ungdom eit godt forhold til sex.

Sjølv om FpU ikkje har signert oppropet forklarar leiar Bjørn-Kristian Svendsru at dei er einig i intensjonen.

– Vi er i utgangspunktet einig i at reseptbelagt prevensjon bør vere tilgjengeleg for dei under 16 år. Det har vi tatt til ordet for tidlegare, seier han og viser til at det var detaljar i oppropet dei ikkje ville støtte.

– Vi er heller ikkje einig med KrFU om å utvide ordninga opp til dei som er 26 år, legg han til.

Helse- og omsorgsdepartementet ser på forslaget

Politisk rådgjevar i Helse- og omsorgsdepartementet, Mathilde Tybring-Gjedde (H), seier til NRK at departementet ser på regelverket.

Mathilde Tybring-Gjedde

VURDERER DET: Politisk rådgjevar i Helse- og omsorgsdepartementet Mathilde Tybring-Gjedde (H) seier departementet vurderer forslaget.

Foto: Oslo Høyre

– Eg meiner det er eit viktig opprop. Eg skjønar at det verkar urimeleg at unge under 16 år må betale full pris for hormonell prevensjon.

Men om det kjem eit forslag frå departementet er uklar.

– Vi har ikkje konkludert enda, men det er mange gode poeng som kjem fram. Det er noko vi jobbar med no, seier ho.

Ho peikar samtidig på at ungdom under 16 år kan få gratis kondom, noko som er viktig for å hindre smitte.

Follestad i Sex og samfunn er ikkje nøgd med svaret frå departementet.

– Det er lett å seie at ein er i gang med å sjå på noko. I Helsedepartementet ser dei på veldig mykje. Vi er klar til å gjere jobben som trengst, då er det viktig med tiltak så raskt som mogleg.

– Det finst jo kondom som er gratis tilgjengeleg for alle. Kvifor skal ungdom under 16 har tilgang på hormonprevensjon eller koparspiral?

– Om ei jente på 15 har sex med nokon er ho avhengig av at guten er villig til å ta på kondom. Prevensjon bør vere sjølvbestemt. Så er kondom viktig i tillegg for ikkje å bli smitta av infeksjonar, seier han.

AKTUELT NÅ