NRK Meny
Normal

Nazi-jeger vil jakte på krigsforbrytarar i Noreg

Simon Wiesenthal-senteret i Jerusalem vil etterforske attlevande nordmenn som stod bak krigsbrotsverk mot jødar under andre verdskrigen.

Nazi-jegeren Efraim Zuroff

Nazijegeren Efraim Zuroff håper å kunne kome til Noreg i løpet av tre til fire månader.

Foto: INTS KALNINS / Reuters

Hovudårsaka til at den verdskjende organisasjonen no har fatta interesse for Noreg, er opplysningar som kom fram i NRK Brennpunkt nyleg. Der vedgjekk Olav Tuff, som tenestegjorde i Waffen SS Wiking-divisjonen på Austfronten, at nordmenn tok del i krigsbrotsverk i Ukraina i 1941.

Også boka «Nådeløse nordmenn» av Eirik Veum har vore viktig bakgrunnsinformasjon.

Vil møte Anundsen

Anders Anundsen

Nazijegeren Efraim Zuroff vil be om eit møte med justisminister Anders Anundsen (biletet).

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Dette har fått den internasjonalt kjende nazijegeren Efraim Zuroff, direktør ved Simon Wiesenthal-senteret, til å fatte ny interesse for Noreg. Han skal no gjere bakgrunns-undersøkingar, og han håpar på å kome til Noreg i løpet av tre til fire månader. Då vil han prøve å få til eit møte med justisminister Anders Anundsen (Frp).

- Eg vil be om at regjeringa bør opprette ein undersøkingskommisjon for å etterforske kva som skjedde i Wiking-divisjonen og nordmenn si deltaking i krigsbrotsverk under andre verdskrigen, seier Zuroff.

Han vil også be om ei lovendring, men han er usikker på om det er realistisk. I 2010 vart foreldingsfristen for krigsbrotsverk fjerna, men lovendringa fekk ikkje tilbakeverkande kraft. Dette betyr, seier Zuroff, at det i teorien ikkje finst grunnlag for rettssaker mot personar som deltok i krigsbrotsverk under andre verdskrigen.

LES OGSÅ: Navngir norske hirdmedlemmer som deltok i tortur og drap

LES OGSÅ: Her bor de eldre i samme bygning som motstandsmenn ble avhørt under krigen

Moralsk og historisk nivå

0033280

Fleire hundre nordmenn deltok i Waffen SS under andre verdskrigen.

Foto: The Granger Collection

– Dette er ei sak på fleire nivå. Det er eitt lovnivå, om det er mogleg å rettsforfølgje dei som var med på krigsbrotsverka på Austfronten. Men det er også ei sak på eit moralsk og historisk nivå. Det er viktig at det som skjedde der faktisk blir kjent i Noreg, fordi det var mange som tenestegjorde i Wiking-divisjonen, seier Efraim Zuroff.

Nazijegeren meiner at historia om nordmenn som deltok i krigsbrotsverk er eitt av dei stygge skjeletta i det norske skapet, noko som ikkje er bra korkje for Noreg eller for sanninga.

– Sann, offentleggjort informasjon er viktig. Det bør bli undervist om denne delen av krigshistoria i norske skular. Dessutan er det sjølvsagt viktig å stille dei som gjorde dette for retten, og det er rett å identifisere dei, seier han.

LES OGSÅ: Nådeløse nazister i Hedmark

LES OGSÅ: – Jeg ble ikke invitert i selskap

Ynskjer undersøkingskommisjon

Zuroff meiner ein undersøkingskommisjon bør ta opp tre tema. Krigsbrotsverka på Austfronten, brotsverka mot norske jødar som vart sende til konsentrasjonsleirane og forholda i norske fangeleirar som vart drivne av nordmenn og med norske vakter. Ifølgje boka til Veum vart dei serbiske krigsfangane der behandla på grufullt vis.

Han karakteriserer jobben sin som nazijeger som tredelt. Ein del er å vere detektiv, ein annan del er å vere historikar for finne dokumentasjon som kan inngå som del av ei rettssak. Ein del er å vere politisk lobbyist for å skape grunnlag for politisk vilje til å rettsforfølgje krigsforbrytarane i land der det er motstand mot dette.

Han har som mål å få til ei lovendring her i landet, slik at det kan bli mogleg å få stilt personar som var med på krigsbrotsverk på Austfronten under krigen, stilt for retten. Han veit likevel ikkje om det er mogleg å få det til.

– Mange gjekk fri

Eirik Veum

Eirik Veum trur fleire hundre nordmenn som deltok på tysk side i andre verdskrigen, framleis er i live.

Foto: Fotograf Sturlason

Zuroff meiner at brotsverk mot jødar ikkje vart etterforska godt nok etter krigen. Mange som var med på å deportere norske jødar til Auschwitz gjekk fri, og det er viktig både juridisk og historisk, seier han.

No er det viktig å få sanninga på bordet, meiner han, og så straffeforfølgje dei skuldige, om det er mogleg.

NRK-journalist og forfattar av boka «Nådelause nordmenn», Eirik Veum, meiner det enno lever fleire hundre nordmenn som deltok på tysk side, og at det blant desse kan vere krigsforbrytarar og personar som deltok og medverka til massedrap på jødar.

– Liten vilje

Dei siste fem åra har han sjølv møtt i underkant av 100 nordmenn som jobba for statspolitiet, var medlemer i Hirden eller deltok som SS-soldatar på Austfronten.

– Den store mangelen i Noreg er at vi har hatt problem med å erkjenne at nordmenn tok del i krigsbrotsverk. Dette har gjort at det er liten vilje til å finne ut av det som skjedde. Ein har vore redd for å øydeleggje den stolte, norske krigshistoria ved å gå inn i dei mørke sidene, seier Eirik Veum.

Zuroff meiner dette er ei viktig bok, og han er ikkje i tvil om at det var rett å identifisere dei nordmennene som var med på dette.

LES OGSÅ: – Unødvendig med offentliggjøring

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger