Regjeringa opnar for å sleppe fem nye aktørar til på landsdekkande lotteri.
Slik lova er i dag har Norsk Tipping einerett til landsdekkande lotteri, og sender kvart år mange millionar kroner til norsk kultur, helse og idrett.
Desse pengane er idretten redd for å få mindre av når nye aktørar skal få lov til å drive landsdekkande lotteri i konkurranse med Norsk Tipping.
Fryktar kanibalisering
Regjeringa lovar å verne Norsk Tipping sin einerett på landsdekkande store lotteri. Men generalsekretær Inge Andersen i Norges Idrettsforbund likar ikkje at regjeringa no slepp nye aktørar inn på lotteri-arenaen.
– Vi fryktar at nye lotteri med stor omsetning vil kanibalisere på overskotet til Norsk Tipping, seier han.
Om overskotet til Norsk Tipping går ned, blir også pengestraumen til idretten redusert.
– Vi er forundra over at regjeringa går inn i eit grenseland der dei vil gi konsesjonar til fleire lotteri med ganske stor omsetning.
– Dette er småpengar
Men det Inge Andersen kallar stor omsetning, kallar generalsekretær i Verdas Naturfond (WWF), Nina Jensen, småpengar. Ho representerer ein av 11 organisasjonar som står bak Postkodelotteriet. Dette lotteriet er ikkje oppe og står enno, men ville sikre seg ein av dei fem lisensane som skal lysast ut.
Men med eit omsetningstak på 300 millionar kroner er det nesten uråd å få dette til å gå rundt, seier ho.
– Heile poenget med å starte opp dette er å gi pengar til viktige føremål, og dersom ein har eit så lavt omsetningstak blir det ikkje pengar igjen til å dele ut til desse gode og viktige formåla, sier Jensen
Vil verna om norske frivillege
Og Nina Jensen møter motstand hos andre store norske aktørar også. Generalsekretær Åsne Havnelid i Norges Røde Kors meiner at berre organisasjonar som driv utstrekt frivilleg arbeid i Norge skal kunna søkja konsesjon. Det betyr at ho ikkje vil sleppe internasjonale veldedige organsiasjonar som WWF, UNICEF, Plan Norge inn på den norske lotterimarknaden.
– Det blir gjort mykje godt arbeid av ei rekkje gode organisasjonar internasjonalt, men det er viktig at Kulturdepartementet forvaltar frivilleg arbeid i Norge, og vi er opptatt av å styrka frivillege organsasjonar sitt arbeid her i Norge, sier ho.