Dobbelt så mange kyllingar tett i tett

Regjeringa opnar for at bøndene kan produsere dobbelt så mykje kylling og ha større flokkar. Miljøpartiet er sterkt kritiske: – Det vil gå frå vondt til verre. Fleire kyllingar vil lide, bli sjuke og dø.

Gule kyllinger og Sylvi Listhaug

AUKAR: Landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) har med støtte frå Høgre og Venstre gått inn for at bøndene kan doble produksjonen av kylling.

Foto: Berit Roald/Cornelius Poppe/NTB Scanpix

I dag så bestemte regjeringa at bønder konsesjonsfritt kan produsere 280.000 kyllingar i året. Før var grensa 140.000. Talskvinne for Miljøpartiet de grønne, Hilde Opoku, meiner oppslaga i det siste om antibiotika-resistens og kyllingar som blir sjuke, viser at dette er feil veg å gå:

– Me er uroa for dyrevelferda, smittepresset og meir bruk av eit for som ikkje er berekraftig. Det er også problem med at kyllingen får tilsett medisinar i foret sitt og at fleire av dei utviklar antibiotika-resistens. Dette presset vil auke når det blir tettare med kylling.

Hilde Opoku

STERKT KRITISK: Mljøpartiet de grønne og talsperson Hilde Opoku og fryktar for dyrevelferda etter at kyllingproduksjonen no kan aukast.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Bonden skal bestemme sjølv

Landbruksminister Sylvi Listhaug på si side meiner bøndene treng friare spelerom:

-Eg vil legge til rette for at den enkelte bonde i større grad skal innrette seg slik han eller ho møtte ønske og meiner er rett for seg, skriv Listhaug i ei pressemelding. Ho meiner også at fleire kyllingar er nødvendig for at produsentane skal kunne tene nok:

– Mange som driv i kyllingbransjen er i praksis underlagt ei slags form for tvungen deltid ved at dei må drive i mindre omfang enn dei er interessert i. Med desse endringane så vil fleire på sikt kunne skape seg ein full arbeidsplass på garden, skriv Listhaug.

– Manglar tilsyn

Fordi kyllingane står tett i tett så smittar sjukdommar lettare enn kylling som går fritt rundt. Fordi fleire blir sjuke så brukar produsentane medisinar som antibiotika. Miljøpartiet meiner at det må bli betre kontroll med kyllingproduksjonen:

– Allereie i dag har me eit problem med tilsynet at det ikkje er nok folk til stades til å følge opp at kyllingen har det bra, at skada dyr blir tekne ut og at dei døde blir fjerna frå arealet. Blir talet dobla blir det endå vanskelegare å ha et godt oppsyn med dyra, seier Opoku.

Kyllingfilet

FRYKTAR RESISTENS: Både Nortura og Miljøpartiet er uroa over at meir kylling og fleire av dei i kvar besetning kan gje auke av antibiotika resistente bakteriar.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Fryktar meir medisinbruk

Det er Høgre, Venstre og Frp som sikrar fleirtal for at det skal bli fleire kyllingar som står tett i tett. Forslaget har vore ute til høyring og denne prosessen var ferdig i november.

Nortura som både slaktar kylling og sel kyllingkjøt er mot å doble kor mykje kylling kvar bonde kan produsere. Selskapet er eigd av dei bøndene som skal produsere og levere kylling til dei. I ei høyring frå november så skriv Nortura:

"Vi finner det urovekkene at Departementet ikke omtaler risikoen for dyrehelsa, og dermed risiko for økt medisinbruk".

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger