Hopp til innhold

Vil dekke halvparten av straumrekninga til britiske bedrifter

Storbritannia vil bruke fleire hundre milliardar kroner på britiske bedrifter i vinter. Pengane skal dekke om lag halvparten av straum- og gassrekninga.

Britain Politics Economy

Eit vaskeri i Manchester har måtta setje opp prisane sine på grunn av høge straumprisar.

Foto: Jon Super / AP

Beskjeden kjem i forkant av eit grundigare «mini-statsbudsjett» fredag, skriv AFP. Den nye britiske regjeringa har tidlegare lova skattekutt som del av dette.

Kutta skulle eigentleg skje med ein gong då Liz Truss tok over rolla som statsminister, men vurderinga blei utsett då dronning Elizabeth døydde.

No som den nasjonale sørgeperioden er over, kjem Truss med eit løfte som vil koste landet dyrt i vinter.

Eit britisk straummeter frå sist vinter.

Den britiske finansministeren seier også at private hushald skal få hjelp med rekninga si i vinter.

Foto: TOLGA AKMEN / AFP

Prisen på straum og gass for selskap så vel som velgjerdsorganisasjonar, sjukehus og skular skal nemleg bli halverte.

Resten av det forbruket kostar på den opne marknaden, lovar regjeringa å ta ansvar for i seks månader.

– Vi har gripe inn for å hindre at bedrifter kollapsar, for å verne om arbeidsplassar og avgrense inflasjon, seier finansminister Kwasi Kwarteng til AFP onsdag.

Fredag lovar han å også legge fram ein plan om korleis private hushald skal støttast gjennom vinteren.

Fleire hundre milliardar

Næringsminister Jacob Rees-Mogg varslar til Reuters at denne støttepakken kjem til å koste fleire titals milliardar pund. Dette svarar til fleire hundre milliardar kroner.

Framleis seier han til byrået at det blir vanskeleg å seie nøyaktig, slik situasjonen er no.

Jacob Rees-Mogg etter møtet med tiltredingsrådet 10. september.

Statssekretæren for næringslivet varslar at støttepakken vil koste fleire hundre milliardar kroner.

Foto: DANIEL LEAL / AFP

– Det vanskelege med det er at dette kjem an på energiprisane over vinteren, og desse er svært vanskeleg å førespegle, sa han.

– Det blir fleire titals milliardar pund, utvilsamt.

Ikkje berre Storbritannia

Tankesmia Bruegel har forska på kor mykje pengar ei rekke europeiske land har sett til sides for å hjelpe både vanlege folk og bedrifter med å kome seg gjennom vinteren.

Dei har rekna seg fram til ei samla rekning på nesten 500 milliardar euro, eller fem tusen milliardar kroner (fem billionar).

Dette kjem etter fleire månader med høge straum- og gassprisar, og usemje om korleis dei skal møtast på landsnivå og i EU.

Russia Ukraine War Europe Inflation

Prisauken merkast også på marknaden i Madrid.

Foto: Manu Fernandez / AP

Blant EU-land er litt over tre tusen milliardar (tre billionar) øyremerka, medan Storbritannia åleine har eitt tusen åtte hundre milliardar (1.8 billionar).

Dersom ein reknar med pengane statar har øyremerka til å nasjonalisere, kjøpe ut eller gi lån til energiselskap blir inkluderte, er totalen endå høgare, skriv organisasjonen.

AKTUELT NÅ