NRK Meny
Normal

Vil byggja Mjøsa-E6 med mindre frostsikring

Selskapet Nye Veier vil redusera frostsikringa på den nye E6 langs Mjøsa for å spara ein milliard kroner. – Uklokt, seier NTNU-professor. – Me skal byggja god veg, parerer Nye Veier-direktør.

Flyfoto fra utbygging av nye E6 langs Mjøsa

Nye veier meiner den nye E6 ved Mjøsa blir fin og jamn sjølv om dei får aksept for frostsikring på knapt ein og ein halv meter. Dette biletet er frå den ferdigbygde strekninga mellom Minnesund og Espa.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Me skal ikkje byggja dårleg, me skal byggja bra. Spørsmålet er kva som er bra nok, seier prosjektdirektør Øyvind Moshagen i Nye Veier til NRK.

Men professor Inge Hoff ved Institutt for bygg- og miljøteknikk på NTNU er ikkje i tvil om at selskapet sine planar om frostsikring på berre drygt ein og ein halv meter er uklokt.

– Med alle dei kunnskapane me har i dag om telehiv og frost så vil dette gje telehiv, seier Hoff til NRK.

Ber om fritak

Fleire norske motorvegar har dei siste åra vore plaga med telehiv. Ei ekspertgruppe undersøkte vegstrekningane og rådet var klart: Djupare frostsikring.

Øyvind Moshagen, Nye Veier

Prosjektdirektør i Nye Veier, Øyvind Moshagen, garanterer at dei skal byggja veg med høg kvalitet, trass i åtvaringane om telehiv.

Foto: Nye Veier

I dag er det generelle kravet at det skal vera 2.4 meter fyllmassar som skal hindra at frosten går ned i grunnen under motorvegar, og at vatn frys og gir telehiv.

Nye Veier skriv i søknaden: «Det antas at på ca. 70 prosent av strekningen bygges E6 på telefarlege masser. Iht til norsk regelverk vil en frostsikker overbygning få tykkelse 2,4 m». Selskapet ber no om fritak frå desse krava på den nye firefelts E6 langs Mjøsa, og vil arbeida etter svensk standard.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen avviser at kravet på 2,4 meter er eit generelt krav, men eit maksimalkrav som vegvesenet har.

Med frostsikring på berre drygt ein og ein halv meter, kan dei spara over 1 milliard kroner. Nye Veier hevdar at om dei ikkje får byggja frostsikring på 1.8 meter eller tynnare, rokar det ved realiseringa av prosjektet.

Professor Hoff sat i ekspertgruppa som evaluerte teleskadane på E18 og Rv2, og er tydeleg på at han meiner planane for E6 langs Mjøsa slett ikkje er gode nyheiter for trafikantane:

– Frosten vil trengja gjennom, kanskje ikkje kvar vinter, men ganske mange vintrar, og du vil få ganske betydeleg telehiv, skadar og ubehag for trafikantane. stort sett eit dårlegare resultat enn du elles ville ha fått.

– Fin og jamn veg

Hoff ser at Nye Veier har fått eit klart mandat frå regjeringa om å byggja fort og billeg.

Professor Inge Hoff, NTNU

Professor Inge Hoff ved NTNU meiner at det er uklokt å byggja ny E6 ved Mjøsa med berre knapt ein og ein halv meter frostsikring. – Det vil gje telehiv, seier han.

Foto: NTNU

– Men eg hadde jo ønskja at dei skulle prøva å klara innsparingane utan at det gjekk utover kvaliteten på det som blir bygd, seier Hoff.

– Min kommentar til det, er at dagens veg på E6 i Hedmark er på 1.2 meter. Den er bilistane veldig nøgd med, seier Moshagen.

Statens vegvesen vurderer no søknaden frå Nye Veier om å få byggja billeg:

– Me skal svara på fravikssøknaden ut frå den standarden som Norge ønskjer å ha på sitt vegnett, seier avdelingsdirektør Bettina Sandvin.

Prosjektdirektør Moshagen garanterer at dei skal byggja veg med høg kvalitet, trass i åtvaringane frå fagfolka som evaluerte teleskadane for nokre år sidan:

– Me lovar ein minst like fin og jamn veg som det er bygd sørpå, seier Moshagen.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger