Hopp til innhold

Vil bruke tvang mot kommunane

Staten må ha moglegheit til å tvinge kommunane til å ta imot asylsøkjarar, meiner Bjarne Håkon Hanssen.

Bjarne Håkon Hanssen
Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

- Noreg som nasjon er nøydd for å ha eit apparat for å ta imot dei som kjem. Då må det vere slik at staten har moglegheit til å skjere gjennom der det er behov for det.

Dette sa arbeids- og inkluderingsminister Bjarne Håkon Hanssen under spørjetimen i Stortinget i dag.

Det siste året har talet på asylsøkjarar som kjem til Noreg auka kraftig og behovet for fleire asylmottak er aukande. Samstundes har lokal motstand i år hindra etableringa av mellom 600 og 800 mottaksplassar.

Kritikk mot teltleirar

På Austlandet har dette ført til at UDI no truleg må innkvartere asylsøkjarar i teltleirar. I dag starta bygginga av den mykje omtalte teltleiren i Lier i Buskerud.

Les: Plasserer asylsøkere i telt

Teltleirane har møtt mykje kritikk. Norsk Folkehjelp har mellom anna omtalt leirane som uverdige, og har nekta å vere med på å realisere desse.

Les Nei til asyl-telt

Leirane har også møtt motstand blant regjeringspartia og under spørjetimen i dag måtte Bjarne Håkon Hanssen tole kritikk frå opposisjonen.

Men statsråden står på sitt.

Det er betre å plassere unge, einslege, friske menn i telt nokre dagar enn å avvise dei på grensa fordi vi ikkje har nokon stad å gjere av dei medan vi gjennomfører asylintervjuet.

Bjarne Håkon Hanssen understreka at bruk av telt er ei førebels løysing.

- Jobbar med løysingar

- Dersom vi må ta i bruk telt, så er det fordi vi ikkje har andre moglegheit, men vi jobbar intenst med å finne alternative løysingar.

Mellom anna vert det jobba med å ta i bruk Dikemark i Asker som transittmottak, men her har kommunen sett seg på bakbeina og klaga planane om mottak inn for Fylkesmannen i Oslo og Akershus.

- Det vi ser her er at Asker kommune har gått imot det vi planla i februar. Det har ført til at UDI sine planar om å etablere 300 mottaksplassar på Dikemark er redusert til 100 plassar, påpeika Bjarne Håkon Hanssen.

300 nye plassar

I revidert nasjonalbudsjett gjekk det fram at regjeringa no vil bruke 633 millionar meir for å møte asylstraumen til Noreg. Den største potten på 452 millionar kroner skal brukast til å opprette nye asylmottak.

Planen er at det skal opprettast 300 nye plassar for asylsøkjarar fordelt på 25 nye statlege mottak.

AKTUELT NÅ