Dei fire borgarlege partia kjem til å legge fram nok ein lekkasje frå Nasjonal Transportplan torsdag føremiddag. Kulissane er Oslo S, passande nok. For det er tog, tog og meir tog det skal handle om.
Halverer reisetida Hønefoss-Oslo
Særskilt for støttepartiet Venstre har satsing på tog- og kollektivt vore viktig, for å få fleire over frå bil til bane. No ser det ut til at dei får det som dei vil.
PRESENTERER TOG-AVTALE: Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) vil bruke fleire titals milliardar på tog.
Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpixDet var TV2 som fyrst melde at regjeringa, KrF og Venstre er einige om å bruke 52 milliardar kroner på mellom anna ny Oslo-tunnel. Etter år med forseinkingar, togkaos og signaltrøbbel trengst det utbetringar frå Lysaker til Oslo S. Tunnelen skal stå ferdig i 2032.
LES OGSÅ:
Det skal også brukast betydelege summar på Ytre-Intercity, som altså er jernbaneutbygginga frå Oslo mot Halden, Skien og Lillehammer. Den omfattar Østfoldbanen, Vestfoldbanen og Dovrebanen. I tillegg vil regjeringen starte bygginga av Ringeriksbanen allereie om få år, og utbygginga vil halvere reisetida mellom Hønefoss og Oslo.
Det er verdt å merke seg at Nasjonal Transportplan frå 2018-2029, og løfta til Ytre-Intercity strekk seg til etter 2032. Det kan difor bli ny debatt om desse prioriteringane, og eventuelle endringar.
– Dei går imot faglege råd
Politisk kommentator Lars Nehru Sand.
Foto: NRKStore vegprosjekt i fleire landsdelar og ny flyplass i Bodø er allereie lova. Regjeringa vil etter det NRK erfarer bruke nærare 930 mrd. kroner på samferdsel i Nasjonal Transportplan. Og etter alt å døme altså gå for ei utvida satsing på jernbane, som omfattar Skien, Lillehammer og Halden.
– Det er litt overraskande, fordi tilrådinga frå fagetatane var å ikkje bygge heile Intercity-triangelet med ein gong, men å konsentrerer seg om å den indre delen, seier politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand.
LES OGSÅ:
Kjelder i regjeringsapparatet seier til NRK at så lenge ein startar med Oslo-tunnelen, som er presserande, så kan ein starte på utbygginga av også i den ytre delen. Målet er å få fleire tog på skjenene.