Målet er mellom anna å finansiere ein styrka kommuneøkonomi, og gje meir til samferdsel i statsbudsjettet for neste år.
FLYTTAR PÅ MILLIARDAR: Finansfraksjonen i stortingsgruppa til finansminister Kristin Halvorsen vil flytte på dryge 9 milliardar kroner. (Foto: Jarl Fr. Erichsen / Scanpix)
Det går fram av eit SV-notat som NRK har fått tilgang til.
Til budsjettkonferansen
Budsjettkonferansen til den raudgrøne regjeringa starta i dag, og held fram i kveld og i morgon.
Statsminister Jens Stoltenberg seier det er krevjande forhandlingar, men han held framleis budsjettkorta tett til brystet.
Likevel kan NRK i dag fortelje korleis finansfraksjonen i stortingsgruppa til SV ønskjer seg regjeringas forslag til statsbudsjett.
Finansfraksjonen foreslår overfor stortingsgruppa til finansminister og partileiar Kristin Halvorsen å flytte på dryge 9 milliardar kroner i forhold til budsjettopplegget frå den avgåtte regjeringa.
Mellom dette er altså 7 milliardar kroner i skatteauke, kutt i forsvaret med nesten ein halv milliard og 15 millionar mindre til Stortinget si eiga verksemd.
Arbeids- og sosialtiltak
Skatteauken og kutta skal mellom anna finansiere styrking av kommuneøkonomien opp til 5,4 milliardar kroner, og over 700 millionar meir til både samferdsel og arbeids- og sosialtiltak.
Familie og forbrukarposten får nesten ein milliard meir.
SV-notatet blei i dag behandla på gruppemøtet i SV, og Halvorsen tok deretter forslaga frå gruppa med seg til budsjettkonferansen.
Klart neste torsdag
Dei endelege svara på kva regjeringa kjem fram til, kjem torsdag om ei veke, opplyser statsminister Jens Stoltenberg.
Han påpeikar at det alltid er vanskeleg å vege mange ulike og gode formål mot kvarandre.
- Men ei regjering må til slutt ta eit heilskapleg ansvar og passe på at ikkje utgiftene veks for mykje. For budsjettet skal ikkje bidra til å auke presset på renta. Tvert imot skal budsjettet vere med på å halde orden i norsk økonomi, seier Stoltenberg.