Regjeringa vil gje valdsoffer meir i erstatning

NYDALEN (NRK.no): Regjeringa føreslår å auka erstatningane til valdsoffer i lys av 22.juli. Ein ekstra tryggingsventil skal inn i lovverket for å sikra god nok erstatning til svært unge.

Utøya

Regjeringa føreslår høgare erstatningssummar til valdsoffer. Lovendringa gjeld for 22.juli-offer, men også for andre som er råka av vald etter den 1.januar 2011.

Foto: JONATHAN NACKSTRAND / Afp

Justisminister grete faremo

Justisminister Grete Faremo informerte om lovforslaget på ein pressekonferanse i Justisdepartementet i ettermiddag.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Så mange som 4000 fornærma og etterlatne kan ha krav på erstatning og oppreising etter at terroren råka Noreg den 22.juli.

Regjeringa meiner dagens valdsoffererstatning er for låg til å kompensera for store stap, som etter 22.juli. No vil den heva taket frå 40 til 60G i folketrygda for å sikra kompensering for tap, opplyser justis- og beredskapsminister Grete Faremo på ein pressekonferanse i dag.

Ei slik lovendring medfører at ein person kan få 4,75 millionar kroner i valdsoffererstatning, ei kraftig auke frå dagens makssum på 3,1 millionar.

Legg inn «tryggingsventil»

Faremo understrekar at ved ein gjennomgang av allereie handsama saker i denne ordninga har dei ikkje kome over saker der det eksisterande taket for valdsoffererstatning på 40G har vore nådd. Statsråden framheld at saker også i framtida vil kunne bli handsama utan å nå taket.

– Gjennom høyringa har me likevel fått med oss at det kan vera spesielle tlfelle som kan nå taket. Det er difor lagt inn ein tryggingsventil for dei heilt spesielle tilfella, seier Faremo.

Den såkalla tryggingsventilen medfører at ein i spesielle tilfelle kan gje valdsoffer erstatningar som også overstig det nye taket på 4,75 millionar kroner.

Kvifor har de laga ein slik ventil?

– Eg har vore oppteken av å bidra med tryggleik i ein svært krevjande situasjon. Me har ei valdsofferlovgjeving som både er god og forutsigbar, men me har så mange som er i ein ekstrem situasjon. Me kan ikkje utelukka krav om erstatning som kan utløysa trongen for ein slik tryggingsventil, svarar Faremo på spørsmål frå pressa.

Det kan vera svært unge voldsoffer eller offer i ein spesiell forsørgjarsituasjon som kan trengja denne ventilen.

Fryktar forskjelsbehandling

Hans Frode Kielland Asmyhr, Frp

Den nye tryggingsventilen som opnar for erstatningssummar over 60G må ikkje praktiserast for strengt, seier Hans Frode Kielland Asmyhr (Frp) i Justiskomiteen på Stortinget.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Frp-politikar Hans Frode Kielland Asmyhr sit i Justiskomiteen på Stortinget. Han er positiv til forslaget til regjeringa, men fryktar urimeleg forskjelsbehandling som følgje av den nye tryggingsventilen.

Han poengterer at alle saker opp mot 60G er veldig spesielle saker.

– Det er urimeleg at nokre skal kunne få særlege unnatak og andre ikkje. Det er viktig med ein klar og tydeleg praksis som ikkje er for streng, slik at det ikkje oppstår urimeleg forskjelsbehandling. Dei som har dokumentert behov for erstatning må få det slik at dei kan leva eit så tilnærma normalt liv som mogleg, seier Asmyhr.

Får tilbakeverkande kraft

Forslaget til lovendringa kjem i kjølvatnet av terroråtaket 22. juli. Fleire bistandsadvokatar og representantar for den nasjonale støttegruppa tok kontakt med Justisdepartementet med krav om at taket på erstatninga må opp, fordi mange av offera er så unge.

Justiskomiteen vurderte saka og kom fram til at valdsoffererstatninga burde auka frå 40 til 60G i folketrygda. Forslaget blei sendt ut på høyring i starten av desember i fjor, og no støttar regjeringa seg til dette forslaget.

Lovendringa får tilbakeverkande kraft og gjeld for alle som har vorte råka av vald etter den 1.januar 2011.

Kontoret for valdsoffererstatning, Juristforbundet og fleire bistandsadvokatar har reagert på forslaget, som dei meiner gjev 22.juli-offer særbehandling.

Justisforbundet har teke til orde for at lovendringa bør gjelda for alle valdsoffer sidan 2001, då valdsoffererstatningslova trådde i kraft.

Aukar kapasiteten

Kontoret for valdsoffererstatning vil først kunne avgjera søknadene frå offera etter terrorhandlingane når lovvedtaket til Stortinget trer i kraft.

Det er venta at sakshandsaminga vil starta i april 2012, og saker som reiser prinsipielle spørsmål vil få prioritet, opplyser Justisdepartementet.

Kapasiteten til Kontoret for valdsoffererstatning i Vardø er vesentleg styrkt for å sikra at alle søknader får ei rask handsaming.

SISTE NYTT

Siste meldinger