Hopp til innhold

Vil at helsepersonell skal teste seg etter utanlandsferiar

Helsedirektoratet meiner helsepersonell bør teste seg for korona når dei kjem heim frå feriar i «grøne» land.

Par med munnbind på stranda i Cadiz, Spania 21.07.2020.

TEST: Helsedirektoratet oppmodar til testing av helsepersonell som kjem frå «grøne» land. Biletet er frå Cadiz i Spania, som er i ferd med å bli «raudt».

Foto: Emilio Morenatti / AP

Det opplyser dei i ei pressemelding onsdag. Dei meiner helsepersonell bør vere varsame både med utanlandsreiser og besøk frå utlandet.

I pressemeldinga seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad at helsepersonell i Noreg har gjort ein stor innsats så langt. Han peikar òg på at situasjonen i Noreg no er ganske normal, med få innlagde koronapasientar.

– Vi ønskjer at det framleis skal vere slik etter sommarferien, og difor er det viktig at helsepersonell er ekstra påpasselege etter å ha vore på ferie, seier Nakstad.

Helsedirektoratet meiner òg at dei som får besøk av personar frå «raude» land i heimane sine må vere særleg varsame for smittefare.

Må melde frå

Oslo universitetssjukehus skriv på sine heimesider at dei rår ifrå utanlandsreiser.

Om tilsette har vore utanlands i løpet av dei ti siste dagane før dei skal på jobb, skal dei melde frå om kvar dei har vore.

Tilsette som har vore i «raude» land må følgje karanteneplikta. Personell i kritiske funksjonar kan få fritak for dette om dei testar negativt to gongar. Dei må òg bruke munnbind i karantenetida.

Etter reiser til «grøne» land skal tilsette testast. Dei kan likevel jobbe med munnbind fram til resultatet av testen er klar.

AKTUELT NÅ