Etter eit møte i London i dag, stadfester britane at dei er svært positive til å ta i bruk ny reinseteknologi som vil setje ein stoppar for dei radiokative utsleppa av technesium 99 (tc-99) i havet.
Den nye teknologien skal gjere det mogeleg å lagre det radioaktive stoffet på land.
Siger
Fagmedarbeidar i Bellona, Erik Martiniussen, opplever at ein årelang kamp no er krona med siger.
- Dette er eit historisk møte for oss, og også for britane. Dei gjekk jo sjølve rundt og smilte frå øyre til øyre fordi dei også var overraska over kor godt denne reinsemetoden faktisk fungerte.
- Kva sa engelskmennene at dei vil gjere framover?
- Dei er veldig interesserte i å setje det i verk, og starte reinsinga av technesium ein gong for alle. Saka skal opp på departementsnivå, og det skal lagast ei innstilling før den politisk avgjerda blir teken i april. Men vi ser saka som meir eller mindre avgjort, seier Martiniussen
Halde trykket
Sellafield-anlegget har vore i drift sidan 1994. (Foto: AP / Scanpix)
Miljøvernminister Børge Brende seier at norske styresmakter vil halde oppe trykket mot Sellafield heilt til utsleppa er borte.
Også Brende var i dag med på rundebordskonferansen om Sellafield, saman med Bellona, Lofoten mot Sellafield, fleire norske politiske parti og representantar for britiske styresmakter.
Mogeleg løysing
– Med dei vellukka reniseprøvane er vi absolutt nærare ei løysing, men det er viktig å ikkje selje skinnet før bjørnen er skoten. Vi kjem til å halde trykket oppe, seier Brende til NTB.
Børge Brende (Foto: Knut Fjeldstad, Scanpix)
Reinseanlegget ved Sellafield kom i drift i 1994. Styresmaktene i Storbritannia testa i oktober og november i fjor ut nye reinseteknikkar som gjer det mogeleg å skilje ut det radioaktive stoffet tc-99, sementere det og lagre det under jorda.
Resultatet av testane blei lagt fram på eit møte mellom Statens strålevern og det britiske miljødirektoratet onsdag.
Testane har vore svært vellukka, og Statens strålevern meinte at dei til og med var langt betre enn venta.
Norsk press
Etter press frå særleg norske styresmakter blei det i juni 2003 innført ein mellombels stans i utsleppa av tc-99 til havet.
Stoffet har ei halveringstid på 213.000 år, og utsleppa har ført til stor auke i tc-99-konsentrasjonane langs kysten av Noreg.