Hopp til innhold

Vikarar kan jobbe i barnehagar utan politiattest

Barnehagevikarar kan fritt jobbe i barnehagar i opp mot to veker utan å levere politiattest. No vil kunnskapsministeren endre lova, men ikkje før til hausten.

Barnehage

I dag kan vikarar i barnehagar arbeide fritt i to veker utan politiattest. Det vil regjeringa ha ein slutt på.

Foto: Kallestad, Gorm / NTB scanpix

I dag er det krav om at tilsette i barnehagane må levere politiattest, men vikarar kan fritt jobbe i barnehagen i opptil to veker utan å levere dette.

– Det betyr at folk som har gjort seg skuldige i seksuelle overgrep fritt kan jobbe i barnehage utan at dette blir oppdaga, seier Marie Skinstad-Jansen, leiar i Foreldreutvalet for barnehagane.

Skinstad-Jansen meiner at dagens situasjon er uheldig og at beskyttelsesbehovet for born må vege tyngst, og vil skunde på prosessen så raskt som mogleg.

– Vi ser at det kan vere praktisk vanskeleg å ha vandelsattesten frå dag éin. Barnehagane har mykje sjukdom og ofte for få på jobb. Difor er det stort behov for rask arbeidskraft, seier Skinstad-Jansen.

Lovendring, men ikkje før til hausten

Marie Skinstad-Jansen

Marie Skinstad-Jansen meiner den nye lova ligg alt for langt fram i tid.

Foto: Foreldreutvalget for barnehager

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er einig med Marie Skinstad-Jansen. Han seier regjeringa no kjem med ei ny lov som vil tette holet som har vore der altfor lenge.

– Dette skal det bli ein slutt på. Difor kjem det no ei ny lov som krev at alle som arbeider i barnehage skal ha politiattest klar frå første dag. Vi må gjere alt vi kan for å sikre at borna i barnehagen er trygge og at dei vaksne som jobbar der har blitt godt sjekka, seier Isaksen.

Men lovendringa skjer ikkje før 1 oktober. Det betyr at folk som har gjort seg skuldige i seksuelle overgrep fritt kan arbeide i barnehage fram mot 1 oktober, utan å bli sjekka.

– Dette er ei lovendring som trer i kraft så raskt som mogleg. Dette skjer så raskt som vi kan få til, seier kunnskapsministeren.

Torbjørn Røe Isaksen

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen seier regjeringa no kjem med ei ny lov som vil tette holet som har vore der altfor lenge.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

– Lova kjem for seint

Men Foreldreutvalet for barnehagane meiner praksisen må endrast lenge før 1 oktober.

– Vi ønsker at ein skal skunde på denne prosessen, seier Skinstad-Jansen.

Ho meiner også at det finst fleire gode grep som han hindre at seksuelle overgrep skjer i barnehagane. Blant grepa er høgare grunnbemanning, og fleire kvalifiserte på jobb som kan hindre og oppdage overgrep.

– Frå og med 1 oktober blir det ulovleg å arbeide utan politiattest. Men eg ventar at barnehagane i dag har gode kontrollar og sjekkar alt av vaksne som er innom barnehagen, avsluttar Isaksen.

AKTUELT NÅ