Hopp til innhold

Vi vaskar oss friskare

Svineinfluensane kan fremje folkehelsa fordi vi blir meir opptekne av handhygiene, meiner smittevernlegar.

Håndvask
Foto: www.colourbox.com

Med svineinfluensa og betre handhygiene vil vi halde oss unna fleire smittsame sjukdomar, seier smittevernoverlege i Kristiansand, Dagfinn Haar.

- Dersom dette bidrar til ein varig åtferds- og haldningsendring hos det store fleirtalet, som at alle gutar og menn vaskar hendene etter at dei har vore på herretoalettet og tissa, så vil det garantert kunne lesast på statistikken, seier han.

Unngår mange andre sjukdomar

Det er for tidleg å seie noko vitskapleg, men Haar har all grunn til å tru at det vil verke inn.

- Vi veit svært mykje om kva som skjer når folk skjerpar handhygiene. Det vil ha effekt på svært mange andre sjukdomar enn svineinfluensa, seier han.

Fri for magesjau

- Vi kan nevne vanleg forkjøling, sesonginfluensa og dei typiske mage- og tarminfeksjonane som vi får ved juletider, sier Haar.


AKTUELT NÅ