Mai har vore rekordvarm i store delar av landet. Og meteorologane reknar med at fleire rekordar skal stå for fall. Det strålande vêret gjer at vi kosar oss når gradestokken viser sommartemperaturar.
På iskremfabrikkane arbeider dei på spreng for å halde tritt med den store etterspurnaden etter is. Vanlegvis sel Hennig-Olsen is om lag 30 millionar liter is i løpet av eit år. I løpet av mai har det gått ut rundt 5,3 millionar liter.
– Det er eit heilt vanvitig sal. Mai månad har vore eit eventyr, og vi ligg an til å overgå toppmånaden juli 2014, seier administrerande direktør Paal Hennig-Olsen i Hennig-Olsen is.
Også hos konkurrenten Diplom Is melder dei også om isrekord i mai. Totalt har dei seld over 16 millionar is i mai. Det er langt over den tidlegare rekorden, seier administrerande direktør Rita Kristin Broch:
– Dei tilsette står på for å møte den store etterspurnaden. Vi produserer og pakkar is heile døgnet, og leverer ut is frå tidleg morgon til seing på kvelden.
Sløkker tørsten
Også drikkevareprodusentane har merka det uvanlege maivêret godt. Dei endelege tala for mai er ikkje klare, men direktør Petter Nome i Bryggeri- og drikkevareforeningen seier dei får tilbakemeldingar om mange tørste i varmen.
– Salet av øl og vatn er skyhøgt. Når det er varmt, er det først og fremst øl og vatn folk tyr til, seier han.
Folk drikk også meir brus i varmen, men Nome seier at dei ikkje ser dei same utslaga i brussalet som for salet av øl og vatn.
- Les:
- Les:
Sval bris i stova
Varmen har ført til at temperaturen kan bli relativt lik ute og inne. Mange ønsker seg difor svalare luft innandørs. Hos Elkjøp blir det stadig meir utplukka for air condition og vifter.
– Det kom kanskje litt overraskande på at varmen skulle kome no. Og det påverkar utvalet vi har i butikkane våre. Og no er det ganske utplukka i mange butikkar, seier kommunikasjonssjef Øystein Schmidt i Elkjøp.
- Les:
- Les:
Dei merkar også varmen i form av at det er mange som skal ha seg grill.
– Med mange soldagar på rad, er det mange som også vil investere i ein ny grill for å kunne kose seg utandørs, seier han.
Hus og hytter
Vêret påverkar også bustadmarknaden. Varme og sol kan bidra til at det kjem færre på vising. Dette gjeld særleg for helgevisingane i dei større byane, seier administrerande direktør Carl. O. Geving i Norges Eiendomsmeglerforening.
– Dei som har bestemt seg for at dei skal kjøpe, kjem uansett. Men dei som sit på gjerdet og ventar, ser ofte an vêret. Kva det har å seie for omsetninga, er for tidleg å seie.
Men den kalde og lange vinteren vi har lagt bak oss, kombinert med ein varm forsommar, har sett fart i hyttemarknaden.
– Den snørike vinteren var bra for salet av fjellhytter. Og med det fine sommarvêret vi har sett i store delar av landet i mai, aukar det interessa for hytter ved sjøen.
- Les:
- Les: