Hopp til innhold

VG: Politiet sjekkar konfliktar i Hagen-saka

Politiet undersøkjer om det finst potensielle fiendar som kan ha hatt som mål å råke ekteparet Tom og Anne-Elisabeth Hagen, melder VG.

Tom Hagen og Anne-Elisabeth Hagen

KONFLIKTAR: Politiet ser på moglege konfliktar både knytte til forretningar og privatlivet til ekteparet Hagen.

Foto: Privat/Scanpix

Måndag denne veka vart det kjent at det har vore ny kontakt mellom familien og dei som hevdar å ha bortført Anne-Elisabeth Hagen.

Tommy Brøske

Politiinspektør Tommy Brøske er leiar for felles eining for etterretning og etterforsking i Øst politidistrikt.

Foto: Politiet

Politiet veit enno ikkje kven som står bak, og for å finne svar undersøkjer dei moglege konfliktar både i forretningane og privatlivet til ekteparet, skriv VG.

– Vi har ei brei tilnærming, og held alle moglegheiter opne. I det så ligg det også å finne ulike motiv som kan ligge til grunn for at Anne-Elisabeth er borte, seier politiinspektør Tommy Brøske i Øst politidistrikt til VG.

Potensielle fiendar

Avisa skriv at dei kjenner til detaljar frå fleire avhøyr som politiet har gjort sidan Hagen forsvann 31. oktober i fjor. I avhøyra skal både familie, vener og forretningskontaktar ha fått konkrete spørsmål om moglege konfliktar.

Politiet skal også ha sett spesielt på forretningslivet til ektemannen, som sidan 1970-talet har bygd opp ei milliardformue gjennom investeringar innan eigedom, kraft og aksje.

Ifølgje VG har etterforskarar med spesialkompetanse på rekneskap og selskapsstruktur gått gjennom forretningshistorikken til Hagen:

  • Kvar er det investert pengar?
  • Korleis ser transaksjonane ut?
  • Kven er det gjort forretningar med?

Politiet har også sett på rettslege konfliktar som selskapa til Hagen har vore involverte i dei siste åra. Enkelte av selskapa har vore innom rettssystemet i samband med tvistesaker.

– Kan sende livsteikn

Hovudteorien til politiet er at Hagen blei teken mot sin vilje frå heimen sin i Lørenskog 31. oktober i fjor. Det siste sikre livsteiknet frå henne er ei telefonsamtale med eit familiemedlem same dagen som ho forsvann.

Familien har sagt at dei vil ha teikn på at Hagen er i live før dei eventuelt betalar løysepengar.

Etter det NRK erfarer, skal dei som hevdar å stå bak bortføringa ha kome med eit forlsag til korleis dei kan sende eit slikt livsbevis.

Kontakten skal ha gått føre seg på ei kryptert plattform, får NRK opplyst.

Verken politiet eller bistandsadvokat Svein Holden ønskjer å utdjupe kva for ei plattform som er brukt for å kommunisere. Politiet har heller ikkje ønskt å kommentere om det er mogleg å sende for eksempel ein video via plattforma som no vert nytta.

AKTUELT NÅ