Hopp til innhold

VG: Politiet rykka ut til annen adresse etter Oslo-skytinga

Tungt væpna politi skal ha dukka opp 600 meter frå åstaden.

STOR AVSTAND: Det var eit godt stykke mellom åstaden, og der tungt væpna politi skal ha dukka opp etter skytinga i Rosenkrantz’ gate.

Natt til 25. juni, då Zaniar Matapour skaut mot to utestader i Oslo, rykka politiet ut til en annen adresse. Det skriv VG.

Ifølgje vitnar avisa har prata med dukka det opp væpna patruljar i Olav Vs gate i Oslo, mellom Nationaltheatret og Aker Brygge.

Masseskyting i Oslo

Politiet sperra av Rosenkrantz’ gate der skytinga fann stad.

Foto: Camilla Svennæs Bergland / NRK

Det var etter at Zaniar Matapour vart pågripen 600 meter unna, i Rosenkrantz’ gate

Fleire skal ha høyrd politiet seie «Vi er på feil adresse», før dei køyrde vidare.

Det var vitner som først la gjerningsmannen i bakken Politibil so like ved åstedet

Børge Enoksen politiadvokat orienterer pressen etter masseskytingen i Oslo.

Skal evaluere handteringa

NRK var i kontakt med politiet tidlegare i dag, og dei stadfestar at det var fleire patruljar i eit større område rundt åstaden.

Vi kan på noverande tidspunkt ikkje gå i ytterlegare detaljar på den operative handterningen eller grunnlaget for patruljane si posisjonering, seier Frode Andreassen.

Frode Andreassen, seksjonsleder i Arrestseksjonen i Oslo politidistrikt

Politiet vil ikkje seie noko om detaljar rundt kvifor politiet var på forskjellige område etter skytinga.

Foto: Kristine Næss Larsen

Han er fungerande leiar av felles eining for operativ teneste. Andreassen legg til at dei skal evaluere korleis politiet handterte hendinga.

– Politiet ser fram til at det blir gjennomfør ei uhilda evaluering.

Dei vil kome tilbake med fleire detaljar rundt dette seinare.

Les også Landets største eiendomsselskap visste ikke at politiet ba om hjelp

Skyting i Oslo sentrum

AKTUELT NÅ