Hopp til innhold

Stein og Merete får ikkje reist – får ingen sympati

Arbeidskonflikten mellom NFO og NHO luftfart held fram, og frå i dag kan ikkje 450 flyteknikarar gå på jobb. Det skapar problem for flytrafikken og reisande.

Stein Gjerstad og Merete Giæver Gjerstad, Tromsø lufthavn ifb med streik

På Tromsø lufthavn vart flyet som Stein Gjerstad og Merete Giæver Gjerstad skulle ta til Bergen, kansellert.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

Stein Gjerstad og Merete Giæver Gjerstad fekk i natt vite at flyet frå Tromsø til Bergen søndag var kansellert grunna tekniske årsaker.

– Eg går glipp av to konsertar. Imagine Dragons i morgon og Post Malone tysdag, saman med gutane våre. Pluss at eg også har ein jobb eg skulle vore på, seier Gjerstad.

Gjerstad er irritert.

– No har vi alle vore med å sponsa flyselskapa så dei skal overleve. Også byrjar dei her å slå beina under det vi alle har vore med å bidra på. Så ingen sympati.

Kansellerte 67 flygingar

Den siste tida har det vore ei arbeidskonflikt mellom NHO Luftfart og Norsk Flytekniker Organisasjon (NFO), og tysdag denne veka varsla NHO lockout. Det betyr at 450 flyteknikarar ikkje får gå på jobb.

– Lockout er varsla frå midnatt, og då blir det slik, sa direktør i NHO Luftfart Torbjørn Lothe til NRK seint laurdag kveld.

NHO varsla lockout fordi partane ikkje har kome med ei løysing på konflikten som mellom anna handlar om lønna til flyteknikarar.

Dette har ført til at Widerøe innstilte 67 innanlandsflygingar søndag.

Skjermdump frå heimesidene til Avinor om Widerøekanselleringar 26.06.2022.

Skjermdump frå heimesidene til Avinor som viser dei innstilte avgangane til Widerøe den 26.06.2022.

– Vi tok ei avgjerd i går om å kontrollert stenge ned kortbanenettet fram til klokka 17.00 i dag. Det er flygingane vi har frå dei mindre flyplassane i Noreg til dei større, seier kommunikasjonssjef i Widerøe, Catharina Solli til NRK.

Dette betyr at dei fleste av Widerøe sine avgangar etter klokka 17.00 førebels skal gå som planlagt.

– Dei lengre rutene held fram så langt det lar seg gjere. Vi har likevel måtte kansellere nokre av dei regionale rutene også. Det er fordi vi har fått tekniske utfordringar med dei, seier Solli.

Beredskapen førebels normal

Dette kan spesielt få konsekvensar for ambulanseflya, og Babcock fekk avslag på søknaden om disposisjon frå flyteknikarstreiken.

Det vart tidlegare meldt at to ambulansefly sto på bakken grunna av mangel på teknisk personale. No skal alle ambulanseflya vere i drift att.

Det seier administrerande direktør i luftambulansetenesta Øyvind Juell til NRK.

Luftambulanse

Ambulanseflya skal vere i drift att etter beskjed om at eitt i Alta og eitt i Brønnøysund vart sett på bakken grunna tekniske utfordringa.

Foto: Stian Lysberg Solum / Stian Lysberg Solum

Han beklagar feilen og seier at beredskapen førebels går som normalt.

Ambulanseflya kan gå 72 timar utan at dei treng teknisk sjekk, seier Juell.

Det er Helsetilsynet og Arbeids- og inkluderingsdepartementet som vurderer og vedtek tvungen lønnsnemnd viss det er fare for liv og helse.

Departementet opplyser til NRK at statsråden følgjer med på konflikten. Det blir henta inn informasjon frå Helsetilsynet, noko som er vanleg rutine i ein slik arbeidskonflikt.

Kan få store konsekvensar

I Nord-Noreg er det lange avstandar. Viss konflikten held fram får det store konsekvensar for arbeidspendling, og for folk som har planlagde timar inn til sjukehusa.

– Mykje av transporten inn til sjukehus går med Widerøe, så det er krevjande viss dette held fram, seier statsforvaltar Elisabeth Vik Aspaker i Troms og Finnmark.

Tromsø lufthavn 26. juni

Slik ser det ut på Tromsø lufthamn søndag morgon.

Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRK

– Folk kan ha venta på time i månadsvis. Det er mykje gamle folk som reiser, og viss ein må køyre 50–60 mil så er ikkje det eit alternativ, seier Aspaker.

Statsforvaltaren i Troms og Finnmark er bekymra for samfunnstryggleiken, og har sendt bekymringsmelding til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB).

Kan ikkje booke om passasjerar

Catharina Solli fortel at dei ikkje lenger har moglegheit til å booke om passasjerar som har fått flyet sitt innstilt, slik dei kunne tidlegare denne veka.

Det er fordi dei ikkje veit kor lenge denne streiken vil vare.

– Vi tar kontakt med dei passasjerane som er råka av streiken, og ber dei ta kontakt med staden dei kjøpte billettane når streiken er avslutta. Forhåpentlegvis skjer det snart, seier ho.

Kirkenes Lufthavn

Widerøe har innstilt alle flygingane på kortbanenettet før klokka 17.00 søndag.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Solli seier dei har hatt stor pågang av kundar som har ringt dei heile veka.

– Det er klart at no når det er lockout og det er ei veke til ferie, så blir det stor pågang. Det er nettopp difor vi presiserer at kundane ikkje må ta kontakt med oss, vi tar kontakt med dei.

Må forvente store driftsutfordringar

SAS har også innstilt 12 flygingar i dag, men det er ikkje grunna streiken.

– Vi har ingen forventingar om at streiken vil gå utover flygingane våre i dag, men det er klart at utan teknikarar må vi forvente store drifts utfordringar, seier pressekontakt Lars Wigelstorp Andersen i SAS.

Bilde av Norwegian og Sas fly på Gardermoen.

Flyselskapa Norwegian og SAS har også innstilt avgangar søndag.

Foto: Ismail Burak Akkan / NRK

Ifølgje ei oversikt til VG har KLM har innstilt fire utanlandsfly frå eller til Noreg, medan Norwegian og Lufthansa har innstilt to utanlandsflygingar.

Solli opplyste først til NRK at det var 76 innstilte fly, men Solli sa i etterkant at talet er feil. Det er 67 innstilte fly.