Vera Micaelsen måtte gi tapt for kreften

Tidlegare NRK-medarbeidar, journalist og forfattar Vera Micaelsen (43), døydde søndag morgon etter å ha vore kreftsjuk i over fire år.

VIDEO: TV-minne med Vera Micaelsen

Vera Micaelsen har vore ein profilert medarbeidar i NRK i mange år. Ho har også jobba for Aftenposten og Kulturrådet, og ho var også langfilmkonsulent i Norsk filmfond. Ho har også gitt ut sju bøker. Ho etterlet seg ektemannen Atle Knudsen og borna Selma (20), Ylva (19) og Milla (16).

Vera Micaelsen

Vera Micaelsen er død, 43 år gammal.

Foto: Marta Garmann Johnsen / Aschehoug

Ho har vore open om kreftsjukdomen. Dette er den siste meldinga ho la ut på sin eigen Facebook-profil:

«Jeg håper at dere i egne liv velger å være rause og tålmodige med hverandre. At dere danser og synger og fyrer i peisen mer enn dere egentlig tør. At dere velger kjærligheten, og elsker hverandre med alle krefter. For livet er kort, men kjærligheten er stor hvis dere lar den ta plass. Tusen takk for alt».

Vibeke Fürst Haugen er direktør for Marienlyst-divisjonen i NRK. Ho seier det er med stor sorg ho tok mot bodskapen om at Vera Michaelsen har gått bort.

– Vera var ein kjent og kjær person for born og ungdom som voks opp med humoren og varmen hennar. Vera var eit menneske det var lett å bli glad i. Ho vil bli djupt sakna, seier ho.

Vera Micaelsen og Atle Knudsen.

Vera Micaelsen og ektemannen Atle Knudsen.

Ektemannen Atle Knudsen skriv dette på si Facebook-side:

«Det fineste,sterkeste og det mest rause menneske jeg vet om finnes ikke lenger. Hun som er halve livet mitt og mer til har endelig fått hvile. Jeg elsker deg og savner deg og vil for alltid bære deg i hjertet».

Vera Micaelsen var i mange år ein kjent og kjær programleiar for ulike programseriar på NRK. Ho er kjent frå populære program som «Go' elg», «Jubalong» og «Vera Vera» på TV, og «Holger Nielsens Metode» på radio.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger