Hopp til innhold

Ventar 20 trafikkulykker i dag

Fredag før påske er den store ulykkes- og bulkedagen i trafikken.

trafikkulykke
Foto: Arnstein Karlsen

- Statistikken viser at det er spesielt fredag og laurdag i palmeveka som er dei dagane vi har mest ulykker, seier Olav Terje Hove i Statens Vegvesen.

Sinte bilistar

I snitt har det dei siste åra vore rundt 20 ulykker med personskade fredag før påske. Bilistane hissar seg opp for å kome fortast mogleg fram for å kose seg med appelsinar og kvikklunsj i hytteveggen.

- Det kan ofte vere vanskelege køyretilhøve, og stemninga er gjerne litt amper sidan folk vil kome seg opp på påskefjellet så fort som råd, seier Hove.

Hove ber sjåførane vere merksame på at bilane får andre køyreeigenskapar når dei er stappa full med baggar, skiutstyr, og skrikarungar.

- Påsken eit tidspunkt då det er veldig mange ute på vegen, og bilane er lasta på ein anna måte enn det dei vanlegvis er, påpeikar han.

Høgsesong for ulykker

Påsken er høgsesong for trafikkulykker. Statistisk sett skjer det 160 trafikkulykker i påsken.

Seks menneske mistar livet og nesten 250 blir skadde i trafikken. Utfor- og forbikjøringar er hovudårsaka.

Les: Påsketrafikken krever liv

AKTUELT NÅ