Det gjekk ikkje lang tid før det kom politiske utspel etter Nav-skandalen som ført til minst 48 feilaktige dommar mot folk som har motteke arbeidsavklaringspengar, sjukepengar og pleiepengar.
Skandalen har skjedd fordi Nav ikkje har forstått EØS-regelverket riktig.
Men både Senterpartiet og Frp meiner saka også viser at EØS står i vegen for det som eigentleg er fornuftige norske reglar. No fryktar dei to partia meir trygdeeksport.
– Vi må rydde opp
Utspelet vekker reaksjonar hos regjeringspartiet Venstre, som er positiv til EØS-samarbeidet. Venstre-nestleiar Terje Breivik sit i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget.
– Å ta denne debatten no i ein situasjon der vi må bruke alt vi har av tid og krefter på å rydde opp etter overgrep og sørge for at dei som er utsett for tidenes største Nav-skandale får oppreisning og erstatning, det er respektlaust overfor dei som er råka av skandalen, seier Breivik til NRK.
– Eit systematisk overgrep
– Regelen må vere at dei som av ulike grunnar er avhengig av trygdeytingar også må ha fridom. Trygdemottakarane skal ha like stor rett til å krysse landegrenser som vi andre har, held Breivik fram.
– Bør ein då droppe heile kravet om at fok som får ytingar frå Nav som hovudregel skal opphalde seg i landet?
– Det er heilt feil tidspunkt å ta den debatten i ein situasjon der så mange har vorte utsett for ein skandale. Men for Venstre er det heilt grunnleggande at folk som i ein kortare eller lengre periode er avhengig av støtte frå Nav skal ha fridom.
– No må vi bruke all tid og krefter på å rydde opp i det som er eit systematisk overgrep frå styresmaktene si side mot folk som er i ein vanskeleg situasjon, seier nestleiaren i regjeringspartiet Venstre.
– Men Venstre har skrive under ein regjeringsplattform der de vil arbeide for å avgrense og stoppe eksport av velferdsytingar? Kva er det du vil avgrense då?
– Vi kan alltids diskutere korleis vi kan demme opp for smutthol, svarar Breivik utan å konkretisere kva slags trygde-eksport partiet er kritisk til.
– Må stille krav
Arbeidarpartiet understrekar at det er ein tverrpolitisk vilje å unngå trygde-eksport. Også Ap ønskjer eit system der Nav fortsatt kan stille krav til den som mottek stønaden.
– Eg trur alle er einige om at vi må stille nokre krav, seier Rigmor Aasrud (Ap) i arbeids- og sosialkomiteen på Stortinget. – Men krava må jo vere i tråd med det lovverket som gjeld. Det er der vi har trått feil, og det er beklageleg.
– Er det eit politisk mål at det skal vere slik at ein må opphalde seg i landet for å få sjukepengar og arbeidsavklaringspengar?
– Utgangspunktet for oss er at dei som treng denne støtten skal få dei rette tiltaka. For dei aller fleste vil det bety å få tiltaka i Noreg, seier Aasrud.