Venstre-toppar vil ha ultimatum: Større klimakutt eller ut av regjering

Unge Venstre og sentralstyremedlemmar i Venstre krev reelle utsleppskutt eller at partiet går ut av regjeringa, som svar på Frps bompenge-krisemøte i morgon.

Venstres landsmøte 2019 er i gang.

Sondre Hansmark i Unge Venstre ber moderpartiet stille klimaultimatum.

Foto: Ned Alley / NTB scanpix

– Klima er den viktigaste saka i vår tid. Og det er den saka som er viktigast for Venstre og veljarane våre. Viss vi ikkje klarer å redusere utsleppa nok – og det klarer vi ikkje i dag – så er det ingen grunn til at Venstre skal sitte i ei regjering der vi ikkje får gjennomslag for det, seier Sondre Hansmark i Unge Venstre.

Han får støtte av Petter N. Toldnæs, sentralstyremedlem i Venstre og fylkesleiar i Agder Venstre.

Petter Natanael Toldnæs

Petter Toldnæs er sentralstyremedlem i Venstre og fylkesleiar i Agder.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Toldnæs reagerer sterkt på at Framstegspartiet på verdas miljødag onsdag skal ha krisemøte om bompengesaka.

– Det er nærast surrealistisk at Frp sutrar etter å ha fått store gjennomslag på samferdselssektoren. Er det nokon som skulle ha trua med å gå ut av regjering, burde det vere Venstre.

– Vil du sette det som ultimatum at Venstre bør gå ut av regjering dersom de ikkje får ein del fleire klimakutt no?

– Venstre har ingenting å gjere i regjering om vi ikkje greier å levere enda betre på klimafeltet. Derfor har vi ein svært utolmodig organisasjon, og ein utolmodig yngre generasjon som ventar på at vi faktisk skal klare å levere, seier Toldnæs.

Han ønskjer seg ein meir ambisiøs klimapolitikk som gir reelle klimautslepp mykje raskare enn i dag.

Sentralstyremedlem Ida Gudding Johnsen støttar utspelet og seier det er uaktuelt å gå med på noko bompengekrav frå Frp.

– Men eg trur både klimaet og Noreg er meir tent med at Frp går ut av regjeringa, enn at Venstre gjer det, seier Johnsen.

Kravliste til Elvestuen

Måndag var ei rekke ungdomsparti samla til klimakrisemøte.

Det resulterte i ei liste for korleis klimagassutslepp kan bli redusert, som Unge Venstre og andre ungdomsparti skal levere til klima- og miljøminister Ola Elvestuen onsdag klokka 14.30:

  1. Redusere norske utslepp kvart år fram til Noreg har null utslepp i 2050.
  2. Stanse all ny oljeleiting på norsk sokkel.
  3. Auke CO₂-avgifta.
  4. Redusere reisetida på tog ned til 4 timar mellom Oslo og høvesvis Bergen, Stavanger og Trondheim.
  5. Forby fossilt nybilsal etter 2025.
  6. Fjern oljesubsidiane.
  7. Karbonfangst og -lagring ved alle store punktutslepp i Noreg.
  8. All vekst i persontransport skal bli teke med kollektiv, sykkel og gonge. I byområde skal biltrafikken bli redusert.
  9. Endre flyseteavgifta slik at flyselskapa også må betale avgift for tomme sete.
  10. Noreg må ta sitt historiske ansvar for å finansiere klimatilpassing og klimakutt i andre land.

FpU og Grøn Ungdom støttar ikkje lista

Framstegspartiets Ungdom var dei einaste som aktivt takka nei til å vere med på møtet måndag, sjølv om dei i utgangspunktet er positive til å stille klimakrav til regjeringa.

– Men dette er eit svar på Frps bompengemøte, og då er det først og fremst eit stikk til oss, seier FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud.

Bjørn-Kristian Svendsrud

Bjørn-Kristian Svendsrud er leiar for FpU.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Han meiner at Unge Venstre og andre må ta innover seg bompengeopprøret som går føre seg, og kallar klimakrava for «snodige».

– Denne regjeringa gjer mykje for å redusere norske utslepp, og Venstre har miljøvernministeren. Det tek tid å få redusert utslepp. Globalt sett er det beste vi kan gjere å halde fram med å produsere særleg norsk gass, fordi det er ein viktig del av vegen mot eit fornybart samfunn. Vi er avhengig av gass for å kunne tilfredsstille energietterspurnaden i verda, seier Svendsrud.

Grøn Ungdom var til stades på klimamøtet i går, men vil heller ikkje bli med på kravlista til Unge Venstre, fordi dei meiner ho er for slapp.

– Vi har fremma krava til klimastreikarane ordrett på Stortinget, som skal opp til behandling på torsdag, men det ville ikkje dei andre ungdomspartia bli med på på denne lista, seier sentralstyremedlem Rauand Ismail i Grøn Ungdom.

SISTE NYTT

Siste meldinger