Venstre-topp om bompenge-striden: – Dårleg leiarskap av Erna Solberg

Fleire i Venstre meiner Framstegspartiet oppfører seg uryddig i bompengestriden. No krev Venstre-topp at statsminister Erna Solberg ryddar opp.

Erlend Horn

Erlend Horn i Venstre meiner det er dårleg leiarskap av Erna Solberg å la Frp «gjere avtalar med seg sjølv».

Foto: Sølve Rydland

– Det er faktisk dårleg leiarskap av Erna Solberg å la Frp halde på slik. Ein kan ikkje vedta ein avtale i landsstyret utan at dei fire partia er einige om den avtalen. Eg er kritisk til at statsministeren tillet det, seier sosialbyråd i Bergen og landsstyremedlem i Venstre Erlend Horn.

Landsstyret i Frp vedtok søndag ei skisse for korleis regjeringa kan løyse bompengekrisa, og den kostar meir enn 20 milliardar kroner å gjennomføre. Pengane skal gå både til å gjere det billegare å køyre igjennom bomringane, og til å styrke satsinga på kollektivtrafikk.

– Frp kan ikkje gjere avtalar med seg sjølv. Når vi er einige om ei avtale, så gler eg meg til å diskutere den i vårt landsstyre, men ein kan ikkje byrje med det før vi er einige, seier byråden.

Venstre sitt sentralstyre forkasta skissa

Også Venstre har drøfta denne skissa, men langt ifrå like grundig som Frp.

I ein telefonkonferanse med sentralstyret i Venstre fredag, la partileiinga fram nokre av hovudtrekka, får NRK opplyst. Ifølgje fleire kjelder fekk dei aldri presentert heile bompengeskissa.

Venstre sitt sentralstyre var samde om at dei ikkje kunne gå med på det dei fekk presentert, fordi dei er redde for at lågare bompengar skal gjere at biltrafikken i byane aukar.

– Vi kan ikkje gå med på noko som aukar biltrafikken i byane, fordi i regjeringserklæringa er alle partia samde om at nullvekstmålet for byane skal liggje til grunn. Vi er ikkje villige til å gå vekk frå det, seier Sondre Hansmark. Han er leiar i Unge Venstre, og møter i Venstre sitt sentralstyre.

Han meiner at dersom Frp no ikkje er nøgde med regjeringserklæringa dei var med på å vedta for eit halvt år sidan, så er det eventuelt dei som må gå ut av regjering.

– I Venstre pratar vi ikkje om å gå ut av regjering, for vi er veldig nøgde med den politikken regjeringa fører. Dersom Frp ikkje er det, så må dei berre gå ut av regjering, seier Hansmark.

Sondre Hansmark Unge Venstre

VIL IKKJE UT AV REGJEING: Sondre Hansmark og Unge Venstre er ikkje interesserte i å gå ut av regjering, fordi dei er fornøgde med den politikken regjeringa fører.

Foto: Hans Cosson-Eide / NRK

Peika på statsministeren

Siv Jensen sa i Dagsrevyen søndag at ho meiner tida er komen for å skjere gjennom, og viste til statsministeren når det gjeld kva som vil skje vidare.

– Vi har forhandla om dette sidan juni, det er grenser for kor lenge vi kan gå i ring og snakke om dei same tinga. No har vi kome så langt som vi har kome. Statsministeren har bede oss om å forankre dette i partia, det har vi no gjort. Eg registrerar at Venstre seier nei til det, det synest eg er leit, sa Jensen.

Statsminister Erna Solberg sa at ingen kan stille ultimatum i saka, og at partiene må snakke sammen.

Det har ikkje lukkast NRK å kome i kontakt med statsminister Erna Solberg eller Frp-leiar Siv Jensen måndag.

SISTE NYTT

Siste meldinger