Hopp til innhold

– Grøn politikk viktigare enn asylpolitikk

Sentralstyremedlem i Venstre, Guri Melby seier det må kome reelle kutt i klimagassutslepp for at partiet kan gå inn i regjering med Høgre og Frp.

Guri Melbye

Fleire har peika på Guri Melby som ein mogleg statsråd dersom Venstre går inn i regjering.

Foto: Oslo kommune/Sturlason

Mange trudde asylfeltet skulle bli Venstre si fanesak i regjeringsforhandlingane. Men ifylgje stortingsvara og sentralstyremedlem i Venstre, Guri Melby er det ikkje nødvendigvis slik.

– Eg trur dei som set i forhandlingsrommet kjempar for best mogleg politikk på alle område. Men skal ein vere realistisk så er det vanskeleg å få flytta store steg på asyl- og innvandringsfeltet, sida vi har stortingsfleirtalet mot oss, seier Melby.

LES OGSÅ: Disse sakene kan gi tøffe regjeringsforhandlinger

LES OGSÅ: Enige om å satse på inkluderende arbeidsliv

Nøyer seg ikkje med smuler

Før regjeringsforhandlingane starta 2. januar varsla Venstre omkamp på asylfeltet, medan Siv Jensen svarte at det ikkje var aktuelt for Frp å liberalisere asylpolitikken.

– Må då Venstre nøye seg med smular i asylpolitikken?

– Vi nøyer oss aldri med smuler. Vi er alltid opptekne av å dra politikken i riktig retning, men vi må også sjå kva det realistisk å få til. På miljø og klimaområdet er det mange parti i opposisjon som ynskjer å markere seg, og det må vi i Venstre utnytte på ein best mogleg måte i desse forhandlingane, seier Melby.

LES OGSÅ: Solberg: – Vi vet ikke om vi blir enige

LES OGSÅ: Med tog til Jeløyforhandlingene: –Vil gjøre regjeringen grønnere

– Miljø var vår hovudsak i valkampen og har vore Venstre si hovudsak i tiår. Så at vi får store gjennomslag på miljø, og får reelle kutt i klimagassutslepp, det er jobb nummer ein for oss i regjeringsforhandlingane med Høgre og Frp, seier Melby.

Har klare miljøkrav

Det er venta at regjeringsforhandlingane er unnagjort før 19. januar. Dersom Venstre då skal vere med ut på Slottsplassen, er det visse ting som må vere på plass.

– Vi må sørge for at neste regjering blir ei regjering som tek det grøne skiftet på alvor, som sørger for at vi får reelle kutt i klimagassutslepp.

– Kor viktig er det å få til noko på dette området for venstre?

– For Venstre er det viktig at ei omlegging av avgifter både påskjøner det som gjev positive resultat på miljøområdet, samstundes som vi legg avgifter på åtferd som vi ikkje ynskjer oss, seier Melby.

Sentralstyremedlem i Venstre, Guri Melby seier det må kome reelle kutt i klimagassutslepp for at partiet kan gå inn i regjering med Høgre og Frp.

AKTUELT NÅ