Hopp til innhold

Venstre med kritiske ostespørsmål til Regjeringa

Venstre er eigentleg mot tollmurar. Men ser ut til å lande på dei raud-grøne si side i striden om den norske ostetollen.

Oster

Venstre krev avklaringar av regjeringa om ostetollen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Den raudgrøne regjeringa endra i fjor tollen på ost for å beskytte norsk mjølkeproduksjon. Den blå regjeringa har som mål å endre dette tilbake. Det slo den ferske Europa-ministeren Vidar Helgesen fast då han reiste til Brussel nyleg.

Det vart det politikk av. For mens KrF støttar ein tollsats som vernar norske mjølkebønder, var Venstre i utgangspunktet einig med dei blå i at vi ikkje skal verne norsk landbruk med auka toll i denne saka.

Kritiske spørsmål

Trine Skei Grande

Venstre-leiar Trine Skei Grande seier at Venstre var imot ostetollen då han vart innført.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

– Venstre var imot ostetollen då han vart innført av dei raud-grøne, understreka Venstre-leiar Trine Skei Grande etter gruppemøtet på Stortinget i kveld.

Ho heldt likevel fram med å fortelje at partiet kjem til å stille fleire kritiske spørsmål til H-Frp-regjeringa, som har erklært at dei vil fjerne det raud-grøne tollvedtaket. Årsaka er at partiet vil ha stabile rammer for landbruksnæringa.

– Ei rask einsidig tilbakeføring av tollsatsane vil få store konsekvensar for næringa. Vi er for at norsk landbruk skal kunne tenkje langsiktig når det gjeld å planlegge investeringar og når det gjeld å vurdere korleis næringa kjem til å utvikle seg, seier Grande.

LES OGSÅ: - Ostetollen skal reverseres

LES OGSÅ: Agderbønder kjemper for ostetoll

Følgjer for norsk landbruk

– Kva spørsmål er det de no vil stille til regjeringa?

– Det gjeld først og fremst kva for følgjer ei rask reversering av tollsatsane vil få for norsk landbruk og næringsmiddelindustri, og korleis endringar vil påverke investeringar innanfor desse næringane.

Ettersom KrF støttar dei raudgrøne i toll-saka, vil Venstre sitt standpunkt avgjere om oste-tollen blir endra tilbake. Grande seier ho håpar å få svar raskt slik at Venstres stortingsgruppe kan konkludere neste veke.

LES OGSÅ: Hardkjør mot regjeringens tollutspill i Brussel

LES OGSÅ: EU-tur om ostetoll skaper strid i Stortinget

LES OGSÅ: Landbruksminister Sylvi Listhaug har erta på seg bøndene - blir stadig mindre populær

LES OGSÅ: Omkampen som forsvant

LES OGSÅ: Sp: – Stortinget må avgjøre ostetollen

AKTUELT NÅ