Går for regjeringsmakt for første gong – kjenner på nervane

– Heile jula har eg spurt meg sjølv om vi er godt nok førebudd, seier Venstre-leiaren. Tysdag skal ho for første gang forhandle om regjeringsmakt.

Leder i Venstre ,Trine Skei Grande

SØKJER MAKT: Tysdag går Venstre-leiar Trine Skei Grande i regjeringsforhandlingar med Høgre og Frp på Jeløya i Moss.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– I dag kjenner eg på stresset, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande.

Tysdag skal ho for første gang inn i ei forhandling om regjeringsmakt side om side med Høgre og Frp. Dette har sjølvsagt prega romjula til Venstre-leiaren.

– Eg har tenkt mykje heile jula, og lurer heile tida på om vi er godt nok førebudd. Eg har trass alt aldri vore med på noko slikt før, seier ho

– Har du snakka med Erna i romjula?

– Vi har sendt sms, men også forsøkt å ha noko fri. Så eg har også hatt tid til venner og lesing, seier Grande.

Stridssaker kan hindre regjeringsdraumen

Tidlegare har det vore uaktuelt for Venstre å gå inn i regjering med Frp. Denne gongen kan det bli annleis.

– Når vi har tatt dette steget har vi jo lyst til å lykkast og kome i mål med forhandlingane, seier Grande.

Men i mange politiske saker er avstanden mellom Venstre og Frp stor. Dette kan skape problem for regjeringsdraumen til Trine Skei Grande, men enn så lenge er ho optimistisk.

– Vi veit jo kva saker som er vanskeleg mellom oss, men eg har tru på at nye og kreative tankar kan sikre gode løysingar, som ikkje vert oppfatta som eit nederlag for nokon av partia.

Regjeringsavklaring i Stortinget

KVAR SIN VEG: I 2013 enda sonderingar mellom dei fire borgarlege partia med at Høgre og Frp gjekk i regjering saman, medan Venstre og KrF vart ståande utanfor som støtteparti for regjeringa. Denne gongen har Venstre gått vidare og kan ende i regjering.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Både flyktning- og asylpolitikk samt miljøpolitikk kan skape strid mellom Venstre og Frp i forhandlingane.

Tidlegare har Frp-leiaren uttalt at det ikkje er aktuelt å gå med på noko liberalisering i asylpolitikken, slik som Venstre ynskjer.

Venstre har sett eit krav om verning av Lofoten, Vesterålen og Senja for oljeboring, dersom partiet går i regjering, stikk i strid med Frps oljepolitikk. Skattar og avgifter i «det grøne skiftet» kan også skape strid.

Må gi plass til Venstre-statsrådar

Dersom Venstre går i regjering må Høgre og Frp ofre enkelte av sine statsrådsposisjonar til partiet. Kor mange Venstre får eller kva posisjonar som er aktuelle vil ikkje statsminister Erna Solberg seie noko om.

Statsminister Erna Solberg

GÅR TUR: Statsminister Erna Solberg (H) har brukt romjula på turgåing, for å samle tankane og førebu seg på regjeringsforhandlingar.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

– Vi byrjar ikkje forhandlingane med kven som skal vere statsrådar. Når politikken er avgjort er vi klar for å fordele verva.

Fleire i Venstre er kritisk til at Venstre går inn i regjering med fleire av Frp sine statsrådar, deriblant innvandringsminister Sylvi Listhaug. På den andre sida krev fleire Frp-arar å frede Listhaug.

Grande vil heller ikkje seie noko om kva postar dei forventar, men har tidlegare trekt fram stillinga som kunnskapsminister som ein draumejobb. Også næringsdepartementet har dukka opp som aktuell for partiet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger