Venstre i Nord-Noreg krev miljøsiger – Bellona meiner dei har avdekka nye manglar ved oljeprosjekt

Miljøstiftinga Bellona meiner at eit nytt oljeprosjekt i Nord-Noreg har blitt sett i gang på sviktande grunnlag, no krev Venstre lokalt at klima- og miljøministeren ser på prosjektet på nytt.

Trænarevet

Lisensen gjeld boringa av ein leitebrønn i ein blokk i Norskehavet utanfor kysten av Nordland, 83 kilometer sør for Røst og 50 kilometer nord for Træna.

Foto: Mareano

– Vi har avdekka store manglar ved søknaden til prøveboringa utanfor Trænarevet. Mellom anna er mykje av faktagrunnlaget så gammalt at det gir eit feilaktig bilete, seier dagleg leiar i miljøstiftinga Bellona Frederic Hauge.

Røstlandet, Lofoten

Miljødirektoratet har gjeve det tyske oljeselskapet Wintershall DEA klarsignal til å drive prøveboring ved Trænarevet sør for Røst.

Foto: Jon Olav Larsen

Eigentleg har dei løyve til å byrje arbeidet frå 1. september, men boringa let vente på seg. Klaga er til handsaming i Klima- og miljødepartementet, og handlar om manglar ved søknaden som vart innvilga.

Hauge hevdar blant anna at søknaden er basert på eit gammalt referansegrunnlag, at det er gjort spekulative vurderingar i val av parametrar, geologiske forhold og utblåsingsrater.

West Hercules in the Barents Sea

Det er riggen West Hercules som skal bore leitebrønnen «Toutatis» i lisens 896 i Trænarevet.

Foto: Ole Jørgen Bratland

– Gammal informasjon

No seier Hauge at han og Bellona i tida etter klagen vart sendt inn, har oppdaga ytterlegare alvorlege manglar. Dei meiner at det må få konsekvensar for prosjektet.

– Klagefristen var rett og slett så kort at vi ikkje fekk sett grundig på alt før vi sende klagen vår. No har vi fått betre tid, og vi har avdekka så mange feil, at det er på tide å vurdere saka heilt på nytt, seier Hauge.

Frederic Hauge

Dagleg leiar i miljøstiftinga Bellona Frederic Hauge.

Foto: Nina Kristiin Vraa / NRK

Det er Klima- og miljødepartementet som no handsamar klagen frå Bellona, men dei ønskjer ikkje å kommentere saka.

Korallrev, Hola utenfor Vesterålen

Sjøtre og blomkålkorallar – disse djupvasskorallane i Hola utanfor Vesterålen minner om dei som finst i Trænarevet. Havforskingsinstituttet har ikkje bilete av korallane i Trænarevet.

Foto: Mareano / Havforskningsinstituttet

Venstre: Vil hindre boring

Leiar i Nordland Venstre, Anja Johansen, meiner området er for sårbart til å opne for leiteboring. Ho ber no klima- og miljøminister Ola Elvestuen om å ta grep.

– Det er ikkje berre Venstre lokalt i Lofoten som meiner dette, det Venstre-lag langs heile kysten i Nordland som har sendt brev til vår klima- og miljøminister om å prøve og hindre denne leiteboringa.

Leder Nordland Venstre

Leiar i Nordland Venstre, Anja Johansen.

Foto: Nordland Venstre

Johansen peikar på at området er verdifullt både fordi det er eit viktig gyteområde for fisk, spesielt norsk arktisk torsk, og eit viktig hekke- og overvintringsområde.

– Eg synest det er positivt at Bellona ser på dette, og når seriøse miljøorganisasjonar kjem med slike innspel, meiner eg at vi må ta det på alvor.

– Torskens fødestue

Både miljøbevegelsen og Noregs Kystfiskarlag kallar Trænarevet for torskens fødestue.

Så verdifulle meiner norske styresmakter desse djupvasskorallane er, at det har vore forbode å trålfiske over dei sidan 2016.

I sommar gav likevel Miljødirektoratet løyve til tyske Wintershall DEA til å prøvebore etter olje her, ved innløpet til Vestfjorden, like sør for Lofoten.

Wintershall: - feil frå Bellona

Det tyske selskapet Wintershall meiner kritikken frå Bellona er heilt feil.

– Eit bredt stortingsfleirtal har opna dette området for petroleumsverksemd. Selskapet har vore på norsk sokkel sidan 1973, og har heile tida levdt opp til det strenge regelverket myndigheitene set for verksemda i Noreg, seier kommunikasjonssjef i selskapet Kjetil Hjertvik.

– Boreoperasjonen er planlagt med minst mogleg fottavtrykk for miljøet. På riggen blir til og med regvatn samla opp og rensa, det skal ikkje bli slept ut ut miljøskadelege kjemikaliar og brønnen er designa for minst mogleg utslipp av borekaks. I tillegg er oljevernberedskapen forsterka betrakteleg samanlikna med den hadde trengt å vere, seier Hjertvik.

Frp: – Eit veldig bra prosjekt

Stortingsrepresentant og leiar i Nordland Frp Dagfinn Henrik Olsen meiner derimot at oljeprosjektet utanfor Trænarevet er veldig bra, og at regjeringspartnar Venstre må akseptere at det er eit fleirtal i Stortinget for dette.

– Helgeland og Sandnessjøen er område som sårt treng arbeidsplassar, og her er det tale om eit prosjekt med veldig mange arbeidsplassar. Eg trur dette vil vere svært positivt for området, men også for heile Nord-Noreg, seier Olsen.

Kva tenkjer du om at Bellona seier at søknaden for å prøvebore er mangelfull?

Kva tenkjer du om at Bellona seier at søknaden for å prøvebore er mangelfull?

– Eg tenkjer at her har dei fått eit løyve, og eg stoler på kompetansen til fagetatane som står bak det. Bellona står på motsett side av oss i debatten om olje, og vil sikkert leite etter dei halmstråa dei finn.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger