Sjukepleiar viktigaste jobb

Nordmenn meiner at dei klassiske velferdsyrka er dei viktigaste i samfunnet.

Sykepleiere ved Haukeland universitetssykehus

Sykepleiere ved Haukeland universitetssykehus.

Foto: Hommedal, Marit / SCANPIX

Lege og sjukepleiar er gjerne det folk seier først når dei skal seie kva som er det viktigaste yrket. Det kjem fram i ei undersøking som er gjennomført for Kunnskapsdepartementet. På dei neste plassane kjem lærar og politi.

Dette er de viktigste yrkene

Paradoks

- Det er eit paradoks at vi betaler så mykje betre folk som passar på pengane våre enn dei som passar på ungane våre. Folk er jo samde i at dei som jobbar med helse, omsorg og utdanning gjer dei viktigaste jobbane. Det må vi løne deretter, seier kunnskapsminister og SV-nestleiar Bård Vegar Solhjell.

Likeløn

Akkurat det er ein politisk lovnad som er verd å legge merke til. SV har fått kritikk for å ikkje gjere nok for likeløn i regjering.

Blant andre har Sjukepleiarforbundet vore misfornøgde med at det enno ikkje har kome nokon likelønnspott som løftar kvinneyrka. No seier SV-nestleiar Solhjell at han vil bruke denne undersøkinga som argument for ein slik pott:

- Dette gir klar støtte til tanken om ein likelønspott og andre likelønstiltak. Både i skulen og i helsevesenet er det stor overvekt av kvinner, og dette er jobbar vi treng å rekruttere folk til. Så vi må få den likelønspotten, både for å utjamne lønsforskjellar og for å dra opp statusen.

67 prosent av dei spurde nemner yrka innan helse og omsorg blant dei viktigaste yrka, 49 prosent seier lærar, 25 prosent politi.

- Pott ikkje nok

Leiar i Unio, Anders Folkestad trur folk set pris på dei yrka som dei møter i kvardagen sin. Han meiner ein likelønspott er viktig, men ikkje nok.

- Vi treng ei haldningsendring i forhold til å verdsette utdanning, seier Folkestad i NRK.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger