NRK Meny
Normal

Vektaren skaut med startpistol på jobb

Nokas-vektaren frykta for jobben sin og gav falsk forklaring til politiet etter å ha såra seg sjølv då han skaut med ein startpistol under teneste på Blindern i Oslo, seier forsvararen hans til NRK.

Vekteren som ble skutt på ved Blindern er nå siktet for å ha avgitt falk forklaring

Vektaren har forklart seg uriktig til politiet om at han blei skoten av ukjende gjerningsmenn under vaktrunden sin på Blindern tysdag denne veka. Vektaren skadde seg sjølv då han skaut med ein startpistol, seier forsvararen hans Trygve Staff til NRK.

Nokas-vektaren som varsla politiet om at han var blitt skoten av ukjende gjerningsmenn under vaktrunden sin på universitetsområdet i Oslo tysdag kveld, har erkjent at han forklarte seg uriktig til politiet i det første politiavhøyret.

Forsvararen hans Trygve Staff seier til NRK at klienten hans prøvde å dekkja over eit uhell.

– Bakgrunnen for det heile er at han lidde eit uhell i samband med skot frå ein startpistol . Det gjekk ikkje slik det skulle og han fekk brannmerke og partiklar inn under huden på armen og i andletet, opplyser Staff.

Frykta for jobben

Trygve Staff, forsvarar for den sikta 40-åringen

Trygve Staff er forsvararen til vektaren.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Vektaren vart fortvila og panikkslagen og ringde difor til arbeidsgjevaren sin alarmsentral og melde frå om at han hadde blitt skoten av ukjende gjerningsmenn.

– Han forstod at det ville bli avdekt at dette var skadar frå eit skytevåpen som han hadde avfyrt medan han var uniformert og i vektarteneste.

Kvifor ikkje seia sanninga til politiet med ein gong?

– Han er djupt fortvila og angrar på at han ikkje gjorde det, seier forsvararen.

Konsernsjefen i Nokas, Heine Wang, trur mange av dei tilsette i selskapet i dag er letta over at trugselen mot vektarar likevel ikkje er så stor som det såg ut til tidlegare denne veka.

– Samstundes er mange sjokkerte, særleg dei som kjenner han, dersom dette stemmer, opplyser Wang.

I Nokas har mange reagert med sjokk etter det i dag ble kjent at vekteren ved Blindern endret sin forklaring.

Undersøkjer om tidlegare overfall er reelt

Det er framleis uvisst om det var vektaren som hadde laga den falske bomba som vart funnen på universitetsområdet kort tid etter varselet om skyting.

Mannen, som har vore tilsett i Nokas sidan 2011, har varsla om i alt tre drapsforsøk mot seg i teneste på tre år. Seinast i fjor haust skal han ha blitt truga med elektrosjokkpistol og forsøkt kvelt. No skal politiet undersøkja denne hendinga på ny.

Den austeuropeiske vektaren er tidlegare ustraffa i Noreg og står sjølv fast ved at dei to tidlegare hendingane er reelle.

Mannen fekk psykologhjelp etter episoden i fjor. Nokas meiner det var riktig å la mannen fortsetja som vektar.

– Fell ein av hesten skal ein opp og ri att så fort som mogleg. Det prinsippet følgjer me, men sjølvsagt i tett samråd med bedriftshelsetenesta, seier konsernsjefen.

Viktige tidspunkter og steder for skyting på Blindern

Viktige tidspunkt og stader for skytinga på Blindern i Oslo tysdag denne veka.

Foto: GRAFIKK: Sivert Moe Winther/Håkon Jacobsen / NRK
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger