Hopp til innhold

Vektar sikta for falsk forklaring

Vektaren som natt til i går hevda at han vart skoten av ukjente gjerningsmenn er sikta for falsk forklaring. Det opplyser Oslo politidistrikt på ein pressekonferanse i føremiddag.

Politiet mener at den bombelignende gjenstanden og skytingen i går ikke er knyttet til de to personene som politiet lette etter i går. – Vekteren har forklart at han har skutt og plassert gjenstanden selv.

Grete Lien Metlid fortel at det er vektaren sjølv som står bak både skytinga og plasseringa av den falske bomba.

Vektaren som i går hevda at han går vart skoten av ukjente gjerningsmenn ved Blindern i går er sikta for falsk forklaring. Det fortel Oslo politidistrikt.

Han har endra si tidlegare forklaring til politiet, og la alle korta på bordet då han under avhøyr vart konfrontert med mistankane.

Skaut sjølv, og plasserte den falske bomba

Politiet meiner no at bomba og skytinga ikkje har noko med to andre mistenkte å gjere, men at hendingane berre kan knytast til vektaren. Vektaren har fått oppnevnt Trygve Staff som forsvarar.

Han har sjølv skote, og plassert den falske bomba. Våpenet er no funne og beslaglagt.

Grete Lien Metlid

Grete Lien Metlid leier seksjonen for valds- og seksuallovbrot i Oslo politidistrikt.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

Det opplyser Grete Lien Metlid ved Oslo politidistrikt på ein pressekonferanse torsdag føremiddag. Ho vil ikkje seie noko om det er vektaren som har laga den falske bomba.

Vektaren frå NOKAS forklarte i går at han vart skoten og lettare skadd då han forsøkte å ta kontakt med to menn på universitetsområdet Blindern i Oslo.

Få timar etter skytinga, fann politiet ein bombeliknande gjenstand i det same området, som seinare viste seg å vere ei falsk bombe, utan sprengstoff.

Politiet på Blindern med verneutstyr

Meldinga om skyting og den falske bomba førte til massiv politiutrykking og strengt vakthald.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

Tre hendingar mot same vektar

Onsdag kveld vart det kjent at dette var den tredje hendinga mot den same vektaren i løpet av dei siste tre åra.

  • I 2013 skal han ha vorte knivstukken og måtte sy fleire sting i armen.
  • I november i fjor skal han ha vorte angripen med elektrosjokkpistol og forsøkt kvelt av to gjerningsmenn.
  • Tysdag kveld påstod han at han vart skoten då han prøvde å ta kontakt med to menn utanfor fysikkbygget. Dette viser seg no å ikkje stemme.

Metlid vil ikkje kommentere dei to andre hendingane. Endring av status er knytt til den nylege hendinga, seier Metlid.

Melde frå sjølv

Vektaren ringde sjølv inn til politiet og sa at han hadde blitt skoten på av to ukjente gjerningsmenn.

Han sa at kulene trefte han i brystet.

Onsdag kveld sat vektaren i avhøyr nummer to med politiet, det var under desse avhøyra at vektaren la alle korta på bordet og vedgjekk at det var han som stod bak det heile.

Vektere Blindern

Vektaren høyrer til firmaet NOKAS.

Foto: Braastad, Audun / NTB scanpix

AKTUELT NÅ