Trass i dyrare straum, mat og drivstoff og auka rente, vil norske familiar gå i pluss dette året, meiner finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).
No får han kritikk både frå Stortinget og frå økonomar som meiner han har rekna seg fram til dette på ei rar måte.
– Folk flest får generelt dårlegare råd, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Ho er blant dei som meiner at folk vil tjene mindre i år enn i fjor med finanspolitikken regjeringa fører no.
– For mange er det ganske dramatiske tider. Vi reagerer på at finansministeren prøver å pynte på det som går føre seg no, seier Listhaug.
Vil ikkje «pøse på» med pengar
Vedum svarer at han ikkje har rekna på ein måte som skal få regjeringa sin politikk til å sjå best mogleg ut.
– Eg har ikkje sminka reknestykket, seier han.
Finansministeren seier og at han ikkje vil «pøse på» med pengar no, fordi han fryktar det vil presse opp renta og ramme økonomien til folk med mykje gjeld.
– Reknestykket er heilt riktig, og så er det veldig sårbar for mange, spesielt dei med høg gjeldsgrad, seier Vedum, som framleis står fast ved utrekninga som viser at det vil bli vekst i realløna i år.
KRITISK: Cecilie Tvetenstrand er forbrukarøkonom i Storebrand.
Foto: Lise Eide RisangerDet kontroversielle reknestykket
Finansdepartementet har rekna seg fram til at ein «snittfamilie» i år vil gå i overskot med 14.700 kroner, trass i priskrisane og påstandar om at folk flest får dårlegare råd i år.
– Tala ligg an til at ein vanleg familie får reallønnsvekst i år. Det er bra, sa Vedum då han la fram reknestykket i spørjetimen i Stortinget førre veke.
Men fleire set spørsmålsteikn ved utrekningane.
Rekna ikkje med heile forbruket
Finansdepartementet hadde berre tatt med verknaden av auka prisar på mat, straum og drivstoff. Prisveksten på alle andre varer og tenester var utelaten i reknestykket, skriv Aftenposten.
Avisa har rekna ut kva Vedum sin eksempelfamilie vil sitte igjen med i år, om ein reknar med prisveksten for heile forbruket. Då får eksempelfamilien 2400 kroner mindre å rutte med i år
– Å ta med prisveksten på heile forbruket gjev eit meir dekkande bilde av hushaldninga sin økonomi i år. Ved å berre ta med straum, mat og drivstoff utelatar Finansdepartementet store delar av prisveksten, kommenterer Sjeføkonom Torbjørn Eika i kommunanes organisasjon KS i på reknestykket til avisa.
Kritisk til reknestykket
– Tala som er brukt vil stå fram som urealistiske og optimistiske for vanlege familiar flest, seier forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand i Storebrand.
Ho peikar på at Vedum tek utgangspunkt i ein familie med samla inntekt på 1 million kroner etter skatt, noko ho meiner er relativt sett høgt.
Medianinntekta til alle hushaldningar i Noreg var i 2020 på 546.700 kroner, ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB).
For par med barn under 18 år var medianinntekta på mellom 846.000 og 977.000 kroner, alt etter alder på barna.
– I tillegg er det brukt låge kostnadar, både på mat og ikkje minst renter. Det er nok ganske mykje lågare enn det dei fleste familiar brukar på mat i snitt, seier Tvetenstrand.
Ho viser også til at Noregs Bank anslår at det blir fire renteaukar i år.
Her er reknestykket til finansministeren.
Illustrasjon: FinansdepartementetPartia Høgre, Raudt og Frp stemmer i kritikken.
– Dei reknestykka set vi store spørsmålsteikn ved. Folk har fått dårlegare råd, ikkje betre råd, av det som no skjer, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Ho viser til at Vedum reknar seg fram til at familiar får under 2000 kroner i ekstra straumutgifter i heile 2022 i forhold til i 2021.
– For å seie det slik: dei pengane forsvann i alle fall frå min konto på éin månad, seier Frp-leiaren.
Under landsmøtet til Framstegspartiet i helga gjekk Listhaug til kraftig åtak på «Kalkulator-Trygve», og etterlyste konkrete tiltak for å hjelpe folk.
Frps finanstalsperson, Hans Andreas Limi, har sendt eit skriftleg spørsmål til Vedum om reknestykket hans.
Raudt: – Magiske reknestykke
Raudt etterlyser eit reknestykke for folk med låge eller middels inntekter.
RAUDT: Finanstalsperson Marie Sneve Martinussen.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix– Viss Vedum trur dette roar gemytta hjå folk som er forbanna over priskrisene, tek han veldig feil, Marie Sneve Martinussen, finanstalsperson for Raudt.
– Det er jo ganske naivt å rekne med at alle får ein lønsvekst på 3,7 prosent. Vi har sett mange gonger at store yrkesgrupper i hotell- og restaurantbransjen og i anleggsbransjen ikkje får det som er det vanlege lønsoppgjeret.
Ho meiner også at gjennomsnittstal er lite interessante for dei som brukar over snittet med drivstoff, til dømes i distrikta.
– Eg synest dei bør slutte å bruke tida si på å finne opp magiske reknestykke for å komme seg unna problemet, seier Martinussen.
Høgre: – Laga for å bevise poeng
Heller ikkje Høgre-nestleiar Henrik Asheim er imponert over utrekninga til Vedum.
– Det er eit reknestykke han har laga for å bevise poenget sitt om at det kjem til å gå betre, seier han.
– Mange er urolege for privatøkonomien sin, og då treng dei ikkje ein finansminister som kjem med ein graf som seier at du trur du har det slik, men du har det slik. Eg trur folk spør etter politiske tiltak som gjer at dei klarer å handtere rekningane sine, seier Asheim.
Vedum: – Får redusert skatt
Vedum svara i helga på kalkulator-kritikken frå Listhaug med å vise til at alle som tener under 750.000 kroner får meir redusert skatt enn under Solberg-regjeringa.
– Jobben no er å sørge for sikker norsk matproduksjon og at vanlege folk skal føle tryggleik rundt jobben og inntekta sin, ifølge Vedum.
I sist spørjetime viste Vedum også til eit anslag om at 70.000 fleire kjem i jobb i løpet av 2022.
– For dei vil velstandsauken vere reelt mykje betre, sa Vedum.
Forbrukarøkonom Cecilie Tvetenstrand meiner likevel folk flest bør vere litt meir bevisste på pengebruken framover.
– Eg trur vi gjer lurt i å førebu oss på at vi vil få litt mindre til overs etter rekningane er betalte framover, seier ho.
I ein e-post til NRK skriv Finansdepartementet:
I reknestykket til finansministeren dreier det seg om hushald med to vaksne og to barn.
For familiar med yngste barn 0–6 år var medianinntekta i 2020 846 400 kroner etter skatt. For par med barn, yngste barn 7–17 år, var medianinntekta i 2020 977 300 kroner etter skatt, ifølgje SSB.
Reknar vi med ein årslønnsvekst i 2021 på 3,5 prosent, vil medianinntekta for den første familien i 2021 vore 876 000 kroner og for familien med skulebarn i overkant av 1 million kroner (1 012 000). Alt etter skatt.
Dei fleste gjennomsnittsfamiliar vil få reallønnsvekst i år, sjølv om dei har lågare inntekt enn 1 million kroner.