Hopp til innhold

Vedum held sentralbanksjef-vurderingar hemmelege

Finansminister Vedum legg ikkje fram dei endelege vurderingane av dei to sentralbanksjefkandidatane. Utnemninga kan hamne i Stortingets kontrollkomite.

Regjeringens forslag til endringer i statsbudsjettet

AVGJER SAKA: På bakgrunn av ei utfyllande tilråding avgjer finansminister Trygve Slagsvold Vedum kven som blir sentralbanksjef

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Om kort tid avgjer finansminister Trygve Slagsvold Vedum om Jens Stoltenberg blir ny sentralbanksjef.

Til grunn for avgjerda han skal ta ligg eit sentralt dokument. Tilrådinga som er utarbeidd av embetsverket i Finansdepartementet.

Men før den er klar, må finansråd Hans Henrik Scheel og den interne arbeidsgruppa i departementet gjere seg heilt ferdige.

Jens Stoltenberg og Ida Wolden-Bache

KANDIDATANE: Nato-sjef Jens Stoltenberg og visesentralbanksjef Ida Wolden Bache.

Finansdepartementet opplyser til NRK at det er gjennomført jobbintervju med dei to søkjarane, visesentralbanksjef Ida Wolden Bache og Nato-sjef Jens Stoltenberg, som er med i den avgjerande runda.

Departementet vil ikkje stadfeste om ein er heilt ferdige med å snakke med kandidatane.

Vedum orientert

Frå før veit vi at begge vart oppmoda av Finansdepartementet om å søkje. Oppmodinga kom ikkje direkte frå finansministeren, som hevdar han ikkje har hatt noko kontakt med søkjarane.

Vedum har, ifølgje eit svar han gav til Stortinget i desember, vore orientert undervegs – også om at tidlegare statsminister og mangeårig Ap-leiar, Jens Stoltenberg, vart oppmoda om å søkje jobben.

Orienteringane har han fått av finansråd Hans Henrik Scheel, som leiar rekrutteringsarbeidet.

Hans Henrik Scheel

LEIAR PROSESSEN: Finansråd Hans Henrik Scheel leiar arbeidet i Finansdepartementet med å finne ny sentralbanksjef

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

Når prosessen er ferdig lagar Scheel, saman med ei gruppe av embetsfolk, ei endeleg tilråding til finansministeren.

Slik situasjonen er no, med to kvalifiserte og aktuelle søkjarar, vil det truleg stå eit namn som nummer ein og eit anna som nummer to på den tilrådinga. Den inneheld også utfyllande vurderingar av dei to.

Den er intern og blir ikkje offentleg, seier kommunikasjonssjef Therese Riiser i Finansdepartementet til NRK.

Grunngjevinga er at dokumentet blir vurdert til å vere ein del av departementet si interne saksførebuing, som ein normalt sett aldri offentleggjer.

Dermed vil ikkje folk få lese kva departementet har lagt vekt på ved dei to kandidatane.

Vedum bestemmer

Etter at tilrådinga er klar, blir det opp til finansminister Trygve Slagsvold Vedum å ta den endelege avgjerda i Finansdepartementet.

Han kan følgje embetsverket sitt førsteval, eller snu på rekkjefølga og velje den andre kandidaten – dersom det framleis er to kandidatar å velje mellom.

Dermed må han til sjuande og sist vurdere om hans tidlegare sjef i den raudgrøne regjeringa, kan bli Noregs nye sentralbanksjef, eller ikkje.

Jens Stoltenberg og Trygve Slagsvold Vedum

TIDLEGARE SJEF: Stoltenberg var Vedum sin tidlegare sjef i den raudgrøne regjeringa. Her frå eit ekstraordinært statsråd der Vedum vart annonsert som landbruksminister.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Når avgjerda er teken, kjem Finansdepartementet og Vedum heller ikkje til å opplyse om rekkjefølga i tilrådinga frå embetsverket er endra.

Deretter legg han fram ei endeleg innstilling i ein kongeleg resolusjon for Kongen i statsråd som formelt utnemner ny sentralbanksjef.

Den dagen dette skjer, vil heile regjeringa utanom statsministeren kunne vere til stades.

Inhabil statsminister

På bakgrunn av sin nære relasjon med Stoltenberg, har statsminister Jonas Gahr Støre meldt seg inhabil.

Arbeiderpartiets landsmøte 2017

NÆR RELASJON: Statsminister Støre har meldt seg inhabil på grunn av sin nære relasjon med Stoltenberg.

Foto: Terje Pedersen / NTB

NRK har spurt alle dei statsrådane som også sat i regjering med Jens Stoltenberg om dei vurderer seg som habile.

Både utanriksminister Anniken Huitfeldt og klima- og miljøminister Espen Barth Eide har bede om eigne juridiske vurderingar, men altså blitt vurdert som habile.

Sjølve resolusjonen blir gjort kjent og kan lesast av alle, etter at den har vore innom slottet.

Finansdepartementet opplyser til NRK at denne vil innehalde ei utgreiing av kvifor dette var den best kvalifiserte søkjaren.

Kan bli kontrollsak

Sjølv om Stoltenberg eller Bache får jobben til slutt, er ikkje prosessen heilt over.

Det vil vere både vanleg og naturleg at den hamnar på bordet til kontrollkomiteen, seier komiteleiar Peter Christian Frølich (H) til NRK.

Han legg til at Stortingets Kontroll- og konstitusjonskomité er på alle slike utnemningar og kan krevje meir informasjon dersom det er behov for det.

Det er viktig med grundig kontroll, seier Frølich.

Men Stortinget har jo ikkje noko med regjeringa sitt val av sentralbanksjef?

Peter Christian Frølich

KONTROLLERER REGJERINGA: Kontrollkomiteens leiar Peter Christian Frølich utelukkar ikkje at sentralbanksjefprosessen blir behandla av kontrollkomiteen på Stortinget

Foto: Wilhelm Sverdvik

Kontroll og konstitusjonskomiteen skal ikkje overprøve vedtak, men finne eventuelle feil og overtramp som er gjort i prosessen, svarar Frølich.

Er det det?

Det er det ikkje noko grunnlag for å spekulere i no, seier han.

Sjølv om kontrollkomiteen skulle kome til at dei vil stille spørsmål, så er det langt fram til ei såkalla kontrollsak.

Finansdepartementet og regjeringa må først fullføre prosessen før det er aktuelt for komiteen å gå nærmare inn i den, understrekar Frølich.

Fleire har uttrykt uro

Det er allereie kjent at eit fleirtal av partia har uttrykt skepsis eller uro for at Jens Stoltenberg overtek sentralbanksjefjobben etter Øystein Olsen, grunna hans tette band til noverande regjeringsparti og statsminister Jonas Gahr Støre. Oppfatninga er at det kan true Noregs Bank si uavhengigheit.

Politikere i Vandrehallen

SKEPTISK: Finanspolitisk talsperson i SV, Kari Elisabeth Kaski, har tidlegare uttalt at ho meiner Stoltenberg ikkje bør bli ny sentralbanksjef i lys av at han er tidlegare politikar og statsminister.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Håkon Mosvold Larsen

Andre har framheva Stoltenberg og meiner at arbeidet med å blant anna sette renta, er så uavhengig frå politikken at dette ikkje er noko problem.

På spørsmål om når vi får vite kven som får jobben, svarar kommunikasjonssjefen i Finansdepartementet at målet er å bli ferdig så raskt som mogleg.

– Men det viktigaste for oss er at prosessen er ryddig og grundig, og at vi har det grunnlaget vi treng for å for å vere trygge på at vi innstiller den kandidaten vi meiner er best eigna og best kvalifisert for stillinga, seier Riiser.

Motiverte kandidatar

I tillegg til at sjølve stillingsutlysinga var offentleg for alle, har departementet lagt fram søkjarlista og etter kvart ei eiga habilitetsvurdering for å avklare om Jens Stoltenberg sine tette band til statsminister Jonas Gahr Støre, Arbeidarpartiet og norsk politikk ville gjere han inhabil i rolla som sentralbanksjef.

Lovavdelinga i Justisdepartementet konkluderte med at han ikkje ville vere det, men skreiv også ei eiga presisering:

«Når det gjelder forholdet mellom Jens Stoltenberg og Jonas Gahr Støre, er beskrivelsene knappe, både om deres personlige vennskap og om det langvarige faglig-politiske samarbeidet de har hatt. Selv om noe av dette er forhold som er offentlig kjent, har vi ikke funnet det naturlig å bygge på annet enn det som fremkommer i henvendelsen hit.»

Både Bache og Stoltenberg har vore ordknappe om søknadane sine, men sa nokre ord i det søkjarlista blei kjend.

– Eg har søkt på stillinga som sentralbanksjef etter dialog med Finansdepartementet. Som visesentralbanksjef har eg eit godt bilete av kva stillinga inneber og er motivert for jobben, sa Bache til NTB.

– Eg vart kontakta av Finansdepartementet i november med spørsmål om eg ville vurdere å søkje stillinga. Det har eg nå gjort, og dette er ein jobb eg er veldig motivert for, sa Stoltenberg.

AKTUELT NÅ