Hopp til innhold

Vaskehjelpen til Stålsett i Stortinget: – Hadde håpt på endringar

I dag møtte kvinna som har jobba for Biskop Emeritus Gunnar Stålsett i Stortinget, med håp om at ho og andre såkalla «ureturnerbare» skal få lov til å jobbe. Det ser ikkje ut til at det kjem til å skje.

Lulu Tekle

SKUFFA: Lulu Telle hadde møtt opp i Stortinget i dag, men er skuffa at det ikkje ser ut til at politikarane vedtek at slike som ho kan jobbe i Noreg.

– Eg skulle ønskt at det hadde skjedd nokre endringar i dag, og helst at det hadde skjedd for lenge sidan, seier Lulu Tekle.

Ho kom til Noreg frå Eritrea som asylsøkjar for 19 år sidan, men fekk avslag på asylsøknaden sin. Sidan den gong har ho oppheldt seg ulovleg her i landet, fordi ho meiner det er utrygt for ho å reise attande til heimlandet.

Norske myndigheiter er ikkje samde i det, dei meiner det er forsvarleg for ho å reise. Likevel skjer det ikkje noko, for Eritrea tek ikkje imot folk som blir sendt attande med tvang.

Tekle har den siste tida hamna midt i eit politisk og rettsleg drama, fordi ho har jobba ulovleg som vaskehjelp for Biskop Emeritus og tidlegare Senterpartileiar Gunnar Stålsett.

No risikerer han 45 dagar i fengsel.

I kjølvatnet av det har situasjonen for slike som Tekle vorte diskutert i Stortinget i dag, og eritrearen møtte opp for å følgje debatten.

Blir ikkje noko løysing med det første

Det har vorte fremja fleire forslag i Stortinget torsdag som peikar på kva regjeringa bør gjere for å betre situasjonen for folk som har fått avslag på asylsøknaden sin, men som staten ikkje klarer å sende ut.

Likevel ser det ikkje ut til å bli vedteke noko ny politikk.

I regjeringserklæringa på Granavolden vart Høgre, Frp, Venstre og KrF samde om dette punktet i den politiske plattforma.

«Regjeringa vil leggje til rette for ei eingongsløysing for eldre ureturnerbare asylsøkjarar som har budd lengre enn 16 år i Noreg.»

NRK kjenner til at representantar frå dei fire regjeringspartia sat til langt på kveld onsdag for å prøve å bli samde om eit forslag dei kunne leggje fram i Stortinget basert på denne setninga, som eit slags kompromiss i mellom dei.

Det klarte dei ikkje, og difor kom det ikkje noko forslag frå regjeringspartia torsdag.

Det kom derimot eit forslag ifrå SV, stortingsrepresentant Karin Andersen foreslår at det dei kallar «ureturnerbare» asylsøkjarar skal få lov til å jobbe.

– Det er sjølvsagt at folk som bur her i dette landet, og som har budd her i mange år, skal få lov til å jobbe. Dette er folk som ikkje kan reise ut, anten fordi det er farleg for dei, eller fordi dei ikkje har dei riktige papira. Då må dei få lov til å jobbe her i Noreg, seier Andersen.

Karin Andersen (Sv)

MÅ FÅ JOBBE: SV er klare på at det dei kallar «ureturnerbare» asylsøkjarar lyt få jobbe i Noreg.

Foto: Ksenia Novikova / NRK

Usemje om kva ein «ureturnerbar» er

Når SV og fleire andre talar om «ureturnerbare asylsøkjarar» er det fleire parti på Stortinget som ikkje er samde i den bruken av omgrepet. Både Arbeidarpartiet, Høgre og Frp meiner at ganske mange av dei det er tale om, kunne ha reist tilbake til landa dei kom ifrå, dersom dei hadde ønskt det.

Senterpartiet nyttar omgrepet «ureturnerbar» på ein liknande måte som SV, men vil ikkje utan vidare gå med på at dei skal få lov til å jobbe.

– Vi tykkjer SV går for langt i forslaget sitt, så det kan vi ikkje støtte. Men vi foreslår i staden at regjeringa utfører ei levekårsundersøking blant eldre ureturnerbare asylsøkjarar, seier stortingsrepresentant for Senterpartiet Marit Arnstad.

Arbeidarpartiet kjem til å røysa ned både forslaget til SV og Sp.

– Det vi er klare på er at folk som har fått avslag på søknaden sin om asyl i Noreg, dei skal reise ut. Det blir feil at dei som nektar å reise ut, eller som ikkje samarbeid med norske myndigheiter på andre måtar, skal få opphaldløyve eller rett til å jobbe, seier Ap-leiar Jonas Gahr Støre.

Jonas Gahr Støre på talerstolen under valgvaken til Arbeiderpartiet

MÅ UT: Jonas Gahr Støre og Arbeidarpartiet er klare på at folk som har fått avslag på asylsøknaden sin må ut av landet.

Foto: Fredrik Hagen / Fredrik Hagen

Meiner «ureturnerbare» allereie kan jobbe

Arbeidarpartiet poengterer nemleg at folk som faktisk er «ureturnerbare», på den måten at dei samarbeider med norske myndigheiter, men at det heller ikkje er mogleg for dei å returnere frivillig, dei har allereie lov til å jobbe.

Lulu Tekle seier på si side at ho ikkje har planar om å reise attande til Eritrea med det første.

– Det hadde vore veldig vanskeleg for meg å gjere det, seier ho.

AKTUELT NÅ