Hopp til innhold

Vart svindla for tippepremien

Morten Lund trudde han vann 1700 kroner i tipping, men då han skulle hente premien fekk han beskjed om at spelet var annullert.

Tippekuponger

Tippekupongen gjekk inn, men premien måtte Morten Lund frå Oslo sjå langt etter.

Foto: Jonas Sætre / NRK

På måndag spelte Morten Lund frå Bærum på Langoddsen for 1000 kroner. Full innsats på kamp nummer 109 mellom Malmö FF og Kalmar FF.

Kampen gjekk inn, og Morten logga seg på hos Norsk Tipping for å sjekke om vinsten på 1700 kroner hadde hamna inn på kontoen. Der sto saldoen på null.

Morten Lund

Morten Lund vart sjokkert då han fann ut at han hadde blitt svindla for 1700 kroner.

Foto: Privat

– Eg vart regelrett sjokkert for å vere heilt ærleg. Eg trudde ikkje at det var mogleg.

Morten ringte Norsk Tipping og spurte om dei kunne gå gjennom speletransaksjonane. Då kunne dei opplyse om at han leverte tippekupongen klokka 16.20. 12 minuttar seinare var spelet registrert som annullert.

Hòl i systemet

Morten gjekk ned på Narvesen-kiosken der han hadde kjøpt kupongen, for å få ei forklaring. Der fann dei ut at nokon hadde fått tak i kvitteringa frå spelet til Morten. Spelet vart annullert, og svindlaren fekk utbetalt innsatsen på 1000 kroner, kort tid etter at Morten hadde vore i butikken.

– Han har utnytta systemet. Han gjorde ingenting ulovleg. Han har berre kjent til eit hòl i systemet, seier Morten.

Gjennom denne motoden er det mogleg å bli svindla for opp til 40 000 kroner, som er den maksimale summen ein kan spele for i Norsk Tipping.

Morten fekk tilbake innsatsen frå den lokale Narvesen-kiosken, men premien må han så langt sjå langt etter.

– Eg meinar Norsk Tipping bør dekke premien. Dei bør gå gjennom systema sine. Eg har krav på å få alle pengane tilbake. Dette aukar interessen av å spele på nettet hos utanlandske konkurrentar, for der er tryggleiken mykje betre.

Aldri høyrt om problemet

Terje Noreng

Spelansvarleg i Reitan Servicehandel, Terje Noreng, vil ta problemet opp med Norsk Tipping.

Foto: Privat

Spelansvarleg i Reitan servicehandel, Terje Noreng, seier til NRK.no at han aldri har høyrt om problemet før.

– Som ansvarleg for alle spel på Narvesen har eg aldri høyrt om det før. Eg er rysta over at dette faktisk var mogleg, seier Noreng.

– Dersom det er slik at du kan kansellere eit spel ved hjelp av kvitteringa, tykkjer eg det er merkeleg.

Noreng seier at han skal ta dette opp med Norsk Tipping og sørgje for at dei får innført rutinar som gjer slutt på svindlinga.

Blir endring til hausten

Magne Vikøren

Magne Vikøren i Norsk Tipping seier dei skal innføre SMS-varsling ved annullering til hausten.

Foto: Sverre Houmb

Norsk Tipping er samd i at det er eit hòl i tryggleiken, men meiner det har skjedd så sjeldan at det ikkje har vore ei prioritert problemstilling.

– Eg skjønar at det er irriterande for Morten å stå oppi dette. Me ønskjer at våre løysingar skal vere så gode som mogleg, men ingen har det perfekte systemet og me må jobbe kontinuerleg for å forbetre det, seier Magne Vikøren, konstituert kommunikasjonssjef i Norsk Tipping.

Vikøren seier at Norsk Tipping vil leggje om systemet til hausten, slik at svindlinga ikkje lenger vil vere mogleg.

– Me vil innføre ei ny ordning til hausten. Ved annullering vil spelaren få ei SMS-varsling om at spelet er annulert, seier Vikøren, som kjenner til eit liknande tilfelle frå 2009.

– Vil Morten få erstatning for den tapte vinsten?

– Me har vore i kontakt med Morten, men eg kan ikkje garantere her og no at han får erstatning.

AKTUELT NÅ